Praksis i logopedi
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- LOGO335
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studenten:
Kunnskap:
- kjenne til organiseringa av og ansvarsfordelinga i det spesialpedagogiske hjelpeapparatet
- kjenne til logopeden sin rolle og posisjon i helsevesenet og organiseringa av helsetenestene i Noreg
- kjenne til lovar og forordningar som regulerer arbeid med barn og vaksne som har kommunikasjonsvanskar
- vere fortruleg med yrkesetiske retningslinjer for logopedisk arbeid
- ha gode kunnskapar om kartleggingsinstrument og adekvate arbeidsmodellar for klinisk logopedisk arbeid med born og vaksne
Ferdigheiter:
- kunne forstå og drøfte innhaldet i ei tilvising eller ei epikrise
- kunne gjennomføre eit klinisk kartleggingsintervju, eventuelt med anamneseopptak
- kunne vurdere og velje ut relevante kartleggingsinstrument basert på tilvising og intervju
- kunne planlegge tiltak på grunnlag av resultat frå kartlegging
- kunne gi ei adekvat tolking av resultat frå testing og kartlegging
- kunne skrive formelle rapportar med fokus på tiltak og oppfølging
- kunne formidle testresultat og tolkingar på ein formålstenleg måte til ulike målgrupper
Generell kompetanse:
- kunne drøfte påverknaden ulike miljøfaktorar kan ha på gjennomføring av tiltak
- kjenne til dei relevante tilvisingsinstansane, og prosedyrane for vidare tilvising
- ha erfaring med arbeid med både born og vaksne
- vise forståing for logopeden si rolle i tverrfaglege grupper ved helse-, omsorgs- eller utdanningsinstitusjonar
- kunne diskutere relevante yrkesetiske problemstillingar, og innrette eiga yrkesutøving etter desse
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Praksis i logopedi er sett saman av tre modular. Det er studenten sitt personlege ansvar å dokumentere at alle delane av praksis er gjennomførde. Praksis vert godkjent på grunnlag av ei innlevert mappe som skal innehalde kasusskildringar, skriftlege rapportar og refleksjonsnotat frå rettleiingstimane, og éin eller fleire anonymiserte rapportar frå saker studenten har arbeidd med i samband med praksis.
Del 1: Innføringspraksis (modul 1 og 2)
Innføringspraksis vert gjennomført i 1. - 3. semester på studiet, og består av to modular: fagleg forum (1. og 2. semester) og påhøyringspraksis (3. semester).
Modul 1: Fagleg forum
Fagleg forum vert normalt gjennomført i form av samlingar i 1. til 4. semester, med obligatorisk oppmøte 1.og 2.semester. Tema for samlingane vil vere særskilt kliniske problemstillingar og ulike kliniske kasus. Undervisningsomfanget over to år er på totalt 16 timar. Mappeinnhald: Minst fire refleksjonsnotat frå tema som er tatt opp på samlingane, til saman 8-10 sider.
Modul 2: Påhøyringspraksis
I påhøyringspraksis vert studentane delt i mindre grupper der dei får ei innføring i kasusmateriale og arbeidsprosedyrar innanfor den logopediske yrkesutøvinga. Gruppene får rettleiing av éin eller fleire erfarne logopedar. Omfanget av påhøyringspraksis er på om lag 20 timar på ulike logopediske arbeidsplasser, til saman om lag 120 timar. Mappeinnhald: Refleksjonsnotat, til saman 8-10 sider.
Del 2. Fordjupingspraksis (modul 3)
Fordjupingspraksis vert avvikla i 4. semester, normalt innanfor ein samanhengande periode på åtte til ti veker. Studenten skal få erfaring med vanlege problemstillingar og arbeidsmetodar for logopedar. Det er ei målsetjing at studenten i stigande grad skal verte røynd i sjølvstendig arbeid som logoped. Studenten vil i fordjupingspraksisen vere knytt til to vanlege logopediske arbeidsfelt. Aktuelle rettleiarar skal ha minst to års erfaring. Omfanget av fordjupingspraksisen er på om lag 240 timar. Mappeinnhald: Refleksjonsnotat (om lag 8-10 sider), minst éin godkjend klinisk rapport (talet her vil vere avhengig av omfanget av dei rapportane det er vanleg å nytte innanfor det aktuelle feltet. Om rapporten er omfangsrik vil det vere nok med éin.).
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Praksis i logopedi er sett saman av tre modular. Det er studenten sitt personlege ansvar å dokumentere at alle delane av praksis er gjennomførde.
Praksis vert godkjent på grunnlag av ei innlevert mappe som skal innehalde kasusskildringar, skriftlege rapportar og refleksjonsnotat frå rettleiingstimane, og éin eller fleire anonymiserte rapportar frå saker studenten har arbeidd med i samband med praksis.
Del 1: Innføringspraksis (modul 1 og 2)
Innføringspraksis vert gjennomført i 1. - 3. semester på studiet, og består av to modular: fagleg forum (1. og 2. semester) og påhøyringspraksis (3. semester).
Modul 1: Fagleg forum
Fagleg forum vert normalt gjennomført i form av samlingar i 1. og 2. semester. Tema for samlingane vil vere særskilt kliniske problemstillingar og ulike kliniske kasus. Undervisningsomfanget er på om lag åtte timar.
Mappeinnhald: Minst fire kasusskildringar og fire refleksjonsnotat frå tema som er tatt opp på samlingane.
Modul 2: Påhøyringspraksis
I påhøyringspraksis vert studentane delt i mindre grupper der dei får ei innføring i kasusmateriale og arbeidsprosedyrar innanfor den logopediske yrkesutøvinga. Gruppene får rettleiing av éin eller fleire erfarne logopedar. Omfanget av påhøyringspraksis er på om lag 20 timar på kvart av dei logopediske felta, til saman om lag 120 timar.
Mappeinnhald: Kasusskildringar og refleksjonsnotat, til saman 8-10 sider.
Del 2. Fordjupingspraksis (modul 3)
Fordjupingspraksis vert avvikla i 4. semester, normalt innanfor ein samanhengande periode på åtte til ti veker. Studenten skal få erfaring med vanlege problemstillingar og arbeidsmetodar for logopedar. Det er ei målsetjing at studenten i stigande grad skal verte røynd i sjølvstendig arbeid som logoped. Studenten vil i fordjupingspraksisen vere knytt til ein eller to vanlege logopediske arbeidsfelt. Aktuelle rettleiarar skal ha minst to års erfaring. Omfanget av fordjupingspraksisen er på om lag 240 timar.
Mappeinnhald: Kasusskildringar og refleksjonsnotat (om lag 8-10 sider), minst éin godkjend klinisk rapport (Talet her vil vere avhengig av omfanget av dei rapportane det er vanleg å nytte innanfor det aktuelle feltet. Om rapporten er omfangsrik vil det vere nok med éin.).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte til praksis. Fråvær ut over 1/5 av tida innanfor kvar modul vil føre til underkjenning av heile emnet.
Praksis vert godkjend på grunnlag av innhaldet i den innleverte mappa, og praksisrapporten som vert utforma av praksisrettleiar(ane). Praksisrapporten skal innehalde ei vurdering av studenten sine evner til god kommunikasjon, generelle framferd i praksisperioden, kliniske ferdigheiter, og kvaliteten på skriftlege arbeid som er utforma i samband med praksis.