Brukarkurs i matematikk I
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MAT101
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnet gir studentane ei elementær innføring i funksjonar av ein variabel med hovudvekt på trigonometriske og eksponensialfunksjonar, grenseverdiar, derivasjon, integrasjon og enkle differensiallikningar. Vidare inneheld emnet grunnleggjande vektoralgebra, og ekstremalpunkt for funksjonar av to variable. Ein lærer å nytte dette til enkel modellering innan biologi, naturvitskap og samfunnsfag.
Innhald
Emnet inneheld elementær innføring i funksjonar av ein variabel med hovudvekt på trigonometriske og eksponensialfunksjonar, grenseverdiar, derivasjon, integrasjon og enkle differensiallikningar. Vidare inneheld emnet grunnleggjande vektoralgebra, og ekstremalpunkt for funksjonar av to variable.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Etter fullført emne kan studenten
- eigenskaper til grunnleggjande funksjonar som polynomfunksjonar
eksponenesialfunksjonar og trigonometriske funksjonar - derivere funksjonar bygd opp av desse, og nokre standardteknikkar til å rekne ut enkle bestemte og ubestemte integral som involverer desse funksjonane
- gjennomføre drøfting av grafar til funksjonar av ein variabel, grunnleggjande vektorregning, og nytte dette på enkle geometriske situasjonar
- lokalisere og karakterisere ekstremalpunkt for funksjonar av to variable.
- gjennomføre enkel modellering som involverer eksponentialfunksjonar og enkle differensiallikningar, og finne løysingar for desse modellikningane
Ferdigheiter
Etter fullført emne meistrar studenten:
- å rekne med grunnleggjande funksjonar som polynomfunksjonar, eksponensialfunksjonar og trigonometriske funksjonar, derivere funksjonar bygd opp av desse
- standardteknikkar til å rekne ut enkle bestemte og ubestemte integral som involverer desse funksjonane
- drøfting av grafar til funksjonar av ein variabel, grunnleggjande vektorrekning, og bruk av dette på enkle geometriske situasjonar
- lokalisering og karakterisering av ekstremalpunkt for funksjonar av to variable
- enkel modellering som involverer eksponensialfunksjonar og enkle differensiallikningar og å finne løysingar for desse modellikningane.
Generell kompetanse
Studenten kan
- grunnleggjande matematiske metodar og nytta dei til å modellere og finne løysingar på enkle praktiske problem
- samarbeide i grupper og resonnere og argumentere i matematikk
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Det er mappevurdering i MAT101 der karakteren er basert på tre deler:
1. Poeng fra flervalgsoppgaver individuelt og i gruppe (vektet likt) underveis, med 25 %
2. Prosjekt (fagfellevurdering), vekt 5 %
3. Skriftlig avsluttende eksamen på 4 timer, vekt 70%. Eksamen må være bestått for å få resultat i emnet.
Vurderingselementa 1. og 2. er gyldig i to semester: inneværende + våren etter.
Sluttkarakteren består av vurderingselement 1-3 og kandidatene får en bokstavkarakter basert på alle tre vurderingselementene, vektet som listet over.
Karakterskala
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
I semester uten undervisning er det eksamen tidlig i semesteret. Eksamen er på 4 timer og teller 70 % på sluttkarakteren, slik som beskrevet under vurderingsformer.