Kontinuumsmekanikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i grunnleggande konserveringsprinsipp og likningar for rørsler i kontinuerlige media. Det blir særskildt lagt vekt på likningane som gjeld for væsker og gasser. Sentrale modeller som Eulers likning for ideelle væsker, og Navier-Stokes likning for viskøse væsker blir gjennomgått.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • forklare sentrale omgrep som materielt volum, partikkel og deformasjonstensoren.
  • forklare skilnaden mellom Eulersk- og Lagrangesk formulering av rørslelikningane.
  • utleie konserveringslikningar for masse, momentum, og energi på integral- og differensialform.
  • definere spenningstensoren og utleie forma på denne for ideelle og Newtonske væsker.
  • gi modeller for enkle rørsler i ideele og viskøse væsker og analysere desse.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
M241: 6 ECTS
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver (Gyldig i to semester: inneverande + semesteret etter)

Vurderingsformer
Muntlig eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.