Åttande semester Vestlandslegen Stavanger
Masteremne
- Studiepoeng
- 24
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MEDSTAV8
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskap
- Avansert kunnskap om symptom, funn, diagnostikk og behandling av dei viktigaste sjukdomane og skadane innanfor indremedisinske og kirurgiske faga og nevrologi inkl. rehabilitering.
- Kunnskap om kva slags pasientar som kan behandlast utanfor sjukehus og kva for nokre pasientar som skal visast vidare til spesialisthelsetenesta
- Kunnskap om spesialundersøkingar og prosedyrar knytt til diagnostikk og behandling av dei viktigaste sjukdomane og skadane innanfor nevrologi, onkologi og dei indremedisinske og kirurgiske faga ¿ Kunnskap om moglegheiter og tiltak for rehabilitering av pasientar med sjukdomar innanfor nevrologi, onkologi og dei indremedisinske og kirurgiske fag
- Kunnskap om grunnleggjande farmakologiske prinsipp til bruk i medikamentell behandling av vanlege sjukdomar i studieåret ¿ Kunnskap om indikasjonar, kontraindikasjonar og dei vanlegaste komplikasjonane til vanlege undersøkingar og prosedyrar for fagområda i studieåret
- Kjenne til førekomst, kontaktsymptom og allmennlegens diagnostiske prosess for vanlege symptom og tilstandar innan fagområde undervist i same tidsrom
Ferdighet
- Kan anvende faglig kunnskap om, og sjølvstendig utføre målretta anamneseopptak og fullstendig klinisk undersøking for å kunne vurdere sjukdom innanfor, fagområda i studieåret ¿ Kan anvende faglig kunnskap om, og diagnostisere og behandle, vanlege sjukdomar og skadar innanfor fagområda nevrologi og dei indremedisinske og kirurgiske faga
- Initiere og delta i faglig samhandling med andre personellgrupper inkludert kommunisere godt med ulike nivå i helsetenesta
- Kan anvende strukturert tilnærming til etiske problemstillingar knytt til diagnostikk og behandling av pasientar med alvorleg sjukdom ¿ Kan sjølvstendig gjennomføre legemiddelgjennomgang, samstemming og interaksjonssøk for legemidler
- Presentere medisinsk informasjon strukturert , logisk og poengtert i ein profesjonell samanheng, samt empatisk og kunnskapsfremjande til pasientar og pårørande
Generell kompetanse
- Stiller seg på en fagleg korrekt og empatisk måte til menneske med sjukdom
- Forstår den praktiske tydinga av ulike symptom og utfall knytt til sjukdom
- Har innsikt i etiske problemstillingar knytt til diagnostikk og behandling av pasientar med alvorleg sjukdom
- Har innsikt i, og utviklar haldningar som skapar kontakt, tryggleik og tillit I lege-pasient forhaldet
- Har innsikt i organiseringa av helsevesenet og lage gode samarbeidsrelasjonar til andre yrkesgrupper
- Kan korrigere kliniske ferdigheter og adferd basert på tilbakemelding samt gi konstruktiv tilbakemelding til andre
- Har innsikt i pasientrettigheiter ¿ Forstå dei grunnleggande forskjellane i legearbeid i primær- og spesialisthelsetenesta, og innsikt i allmennlegen sin delte forvaltningog behandlarrolle
- Opptrer profesjonelt, og med respekt, i relasjon til pasientar og pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk deltaking på undervising med pasient og ved ferdighetstrening, seminar og praksis. Obligatoriske aktiviteter er som hovudregel på dagtid (mellom 0800-1600), men som del av praksis kan det vere vakter på kveld med obligatorisk oppmøte. Med unntak av enkelte dagar skjer all undervisning ved SUS. Det vil bli nytte mappe i Mitt UIB med obligatoriske innleveringer, rapporter og eigenvurderingar av ferdigheter og kompetanse. Det kan tilkomme obligatoriske undervisningsaktiviteter og vurderinger frå Helse Vest sin læringsportal.
Dersom praksisperioden er vurdert til "ikkje godkjent"/ "ikkje bestått", må heile praksisperioden bli gjennomførd på nytt. Får ein student vurdert same praksisperiode til "ikkje godkjent"/ "ikkje bestått" to gonger, vert studieretten inndregen, jf. Det medisinske fakultet sitt utfyllande reglement til UiB sin forskrift § 8-1 (3).
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Det vil bli nytte vurderingsmappe i Mitt UiB med kunnskap-, ferdighet- og praksisvurderingar og formative vurderingar frå undervisning og ferdighetstrening. Mappe vil innehalde oppgåver frå praksis og kasusbeskrivingar gjort i løpet av heile emne. Det vil bli gitt vurderingar i form av MCQ, vurdering av kommunikasjon og kliniske ferdigheter (td. Mini-CEX) og korteller langsvarsoppgaver. Helse Vest sin læringsportal kan bli nytta til vurderingar. Alle fag og prakisperioden i både kirurgi og indremedisinske fag vil ha si undermappe i hovudmappe for emnet. Det vil bli lagt inn vurderingspunkt i alle fag og obligatoriske vurderingspunkter i alle fag må vere godkjend før sluttvurdering. Det vil bli gjort halvvegsvurderinger i praksisperioden.