Masteroppgåve i molekylærbiologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- MOL399
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk/Engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Masterstudiet i molekylærbiologi skal gje studenten trening i eit sjølvstendig eksperimentelt arbeid innan eit spesialisert område. Det er også mogeleg å få tildelt ei oppgåve kor bioinformatiske eller kjemiske metodar står sentralt. Gjennom fagleg fordjuping skal studentens evne til kritisk og vitskapeleg tenking utviklast.
Oppgåveprosjektet skal studenten velje frå ei samling av oppgåver som vert gjort tilgjengeleg for alle studentar. Programstyret og rettleiarane skal sørge for at det til ei kvar tid finst ei samling av definerte oppgåveprosjekt.
Oppgåveprosjektene i denne samlinga skal være førehandsgodkjent av ansvarleg for MOL399 (Masterprosjekt i molekylærbiologi).
Dette inneber at oppgåva skal
i) vere godt forankra i molekylærbiologi som fagfelt (både teoretisk og med tanke på det eksperimentelle arbeidet)
ii) kunne gjennomførast innan normert tid
iii) gi moglegheit til sjølvstendig og personleg utvikling under rettleiing,
iv) ikkje bere preg av å bestå av rutinearbeid, og
v) fortrinnsvis bestå av et utval forskjellige teknikkar som er i vanleg bruk i molekylærbiologi.
Oppgåveprosjektet kan også verte utforma i ein dialog mellom rettleiar og student. Dette prosjektet må likevel verte godkjent av emneansvarleg for MOL399, og verte gjort tilgjengeleg i oppgåvesamlinga på lik linje med alle andre prosjekt.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- opparbeider brei fagleg fordjuping innanfagområdet molekylærbiologi og spesialisert innsikt knytt til masteroppgåva
Ferdigheit:
Studenten
- meistrar å planleggje og gjennomføre sjølvstendig eksperimentelt arbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar for tryggleik i laboratoriet
- meistrer både muntleg og skriftleg formidling av eigne og andres forskingsresultat
- kan vurdere eigne og andres forskingsresultat
- kan hente inn, analysere og nytte ny kunnskap innan molekylærbiologi
Generell kompetanse:
Studenten
- meister kildevurdering, kritisk vurdering av faglitteratur og kritisk viteskapeleg teking
- kan reflektere over sentrale etiske og vitskapelege problemstillinger i eige og andres arbeid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Etter at masteroppgaven er innlevert og godkjent, avsluttes studiet med en muntleg mastergradseksamen. Denne eksamen består av ein offentleg presentasjon på rundt 30 minutt kor studenten sjølv gir ein oversikt over oppgåva. Deretter følger ein muntleg eksaminasjon/samtale. Før presentasjonen skal det vere satt ein karakter på oppgåva. Presentasjonen kan saman med den påfølgande muntlege eksaminasjonen/samtalen vere justerande på den endelege karakteren på oppgåva. Det er den endelege karakteren som vert gjort kjent for studenten og som kjem fram på karakterutskrifta.
Frist: Oppgåver på 60 sp vert innlevert innan ein månad før slutten av det 4. semesteret.