Vitskapleg publisering for museumstilsette
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MUSE621
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Hovudsakleg norsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gjere studentane kjend med publisering av vitskaplege tekster, særlig i fagfellevurderte tidsskrift. Det skal òg gje oppøving i å skrive ein vitskapleg artikkel basert på eit forskingsprosjekt.
Studentane skal skrive eit utkast til ein vitskapleg artikkel under rettleiing og diskutere eigne og medstudentar sine artikkelutkast, ut frå bestemte faglege vurderingsnormer og retningsliner. Artikkelen kan vere basert på eit sjølvstendig forskingsarbeid knytt til museumssektoren eller andre sjølvstendige forskingsarbeid.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Studenten kjenner til prosessen med vitskapleg publisering og ulike utfordringar knytt til denne, og har kunnskapar om vitskaplege publiseringskanalar, publiseringspraksis, skriveprosessen og fagfellevurdering av vitskaplege artiklar.
Ferdigheiter:
Studenten har erfaring med å arbeide med ein vitskapleg artikkel.
Generell kompetanse:
Studenten kan skrive klart og målretta, og kan både gje og ta imot faglege, kritiske tilbakemeldingar på eigne og andre sine faglege arbeid.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Opptakskrav
MUSE621 Vitskapleg publisering for museumstilsette er eit emne på masternivå og du må difor ha minimum bachelorgrad, cand.-mag-grad eller tilsvarande utdanning. Det er vidare ei forutsetning for opptak at museet du er tilsett ved tilrår at du søker, og at forskningsprosjektet du ynskjer å gå i gang med fell innanfor det vi har rettleiingskompetanse på (arkeologi, historie, kulturvitskap o.l med humanistisk innretning). Når du registrerer søknad ber vi derfor om at du samstundes lastar opp følgjande:
- Dokumentasjon på min. bachelorgrad eller tilsvarande utdanning
- Kort stadfesting frå arbeidsgjevar på at dei er innforstått med- og tilrår søknaden din
- Kort prosjektskisse for planlagt forskingsprosjekt (1-3 A4-sider)
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Utkast til ein vitskapleg artikkel som er klar for innsending til eit tidsskrift. Artikkelen kan skrivas individuelt eller saman med ein medstudent.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.