Innføring i musikkterapi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MUTP100
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gjev ein introduksjon til musikkterapi, med eit overblikk over fag og praksisfelt. Emnet inneheld tre hovudkomponentar:
Innføring i musikkterapeutisk teori og forskingsmetode
Kurset gjev ei innføring i sentrale tradisjonar, omgrep, teoriar og forskingstilnærmingar i musikkterapifaget, i eit historisk og systematisk perspektiv. Integrert i kurset er eit leseseminar, der det å lese og fortolke akademiske musikkterapitekstar blir sett i fokus.
Innføring i sentrale arbeidsfelt og praksistradisjonar i musikkterapien
Kurset introduserer breidda i musikkterapeutiske arbeidsfelt, frå førebyggjande og helsefremmande arbeid til behandling og palliativ omsorg. Arbeidsfelt slik dei er utvikla i norsk samanheng, innan ulike samfunnssektorar og forvaltningsnivå, blir vektlagde. Sentrale trekk ved musikkterapeutiske arbeidsprosessar og nokre av dei mest vanlege arbeidsmåtar, målgrupper og målområde blir også gjennomgått.
Eigenerfaring med musikkterapeutiske arbeidsmåtar
Kurset gjev studentane høve til å erfare nokre av dei mest vanleg aktivitetsformene og arbeidsmåtane i musikkterapien, slik som lytting, samspel, improvisasjon, dans og rørsle, songskriving og verbal refleksjon. Kurset inneheld praksisseminar og observasjon av musikkterapipraksis.
Læringsutbyte
Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
- viser elementær kunnskap om musikkterapi som fag, profesjon og praksis
- kjenner til dei sentrale teoriane og forskings-metodane på fagområdet
- forstår korleis musikkterapi er knytt til historisk og kulturell kontekst
Dugleikar
Studenten ..
- viser forståing av korleis musikkterapi blir praktisert, med kva målgrupper og i kva samanhengar, og kan delta i samtalar om kva som er god praksis
- viser evne til å lese og forstå musikk-terapeutisk faglitteratur og delta i samtalar om musikk-terapeutisk teori og forsking
Generell kompetanse
Studenten ..
- har erfart nokre av dei mest sentrale arbeidsmåtane i musikkterapeutisk praksis og kan reflektere om deltaking i musikkaktivitetar relevante for musikkterapeutisk praksis
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
All undervisning er obligatorisk og omfattar fleire komponentar/kurs. Fråvær på meir enn 20 % i ein eller fleire av komponentane i emnet fører normalt til tap av eksamensrett.
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen.
Vurderingsformer
5 timars skriftleg skuleeksamen, eventuelt som digital skuleeksamen.
Minst to sensorar der ein av dei skal vera ekstern.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.