Musikkterapipraksis 1

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane får gjennom observasjon oppleve ulike sider av musikkterapeutrolla innafor nokre musikkterapeutiske kontekstar. Målet er at studenten skal få ei gryande forståing for nokre av grunnføresetnadane for utøving av musikkterapi i praksis.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • Studenten har noko kunnskap om ulike sider ved utøvinga av musikkterapi i praksis og kan identifisere problemstillingar knytt til musikkterapeutrolla i ulike kontekstar.

Dugleikar

  • Studenten meistrar grunnleggande metodar for observasjon av musikkterapipraksis og dokumentasjon av denne, og kan reflektere over eigen oppleving med observasjonen.
  • Studenten viser forståing av korleis musikkterapi blir praktisert, med kva målgrupper og i kva samanhengar, og kan delta i samtalar om kva som er god praksis.

Generell kompetanse

  • Studenten har noko forståing for musikkterapeutens rolle i utøvinga av musikkterapi i praksis


Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

Praksis gir ingen studiepoeng, men er ein integrert del av Integrert mastergrad i musikkterapi ved Fakultet for kunst, musikk og design, og er knytt til fleire av emna på studiet.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

Griegakademiet ¿ Institutt for musikk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Femårig integrert masterprogram i musikkterapi
Arbeids- og undervisningsformer
Praksis vert gjennomført som praksisbesøk i grupper på 3-5 studentar. To-fire besøk fordelt på to semester, minimum eitt besøk per semester.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • 2-4 praksisbesøk i gruppe
  • Observasjons- og refleksjonsoppgåve for kvart besøk

Alle obligatoriske aktivitetar skal vere gjennomførte for å kunne bestå emnet.
For praksis gjeld 100% oppmøte.

Vurderingsformer
Ein skriftleg praksisrapport basert på observasjons- og refleksjonsoppgåvene gjennom året.
Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Emnet har ikkje litteraturliste.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for Femårig integrert masterprogram i musikkterapi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Emneansvarleg
Kjetil Hjørnevik
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Institutt
Griegakademiet ¿ Institutt for musikk