Musikkterapipraksis fordjuping
Masteremne
- Studiepoeng
- 0
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MUTPRA303
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Praksisperioden byggjer vidare på MUTPRA101, MUTPRA102, MUTPRA201 og MUTPRA301. Praksisen vert gjennomført som eigenpraksis, der studentane sjølv tek ansvar og er aktiv i å etablere eller skaffe seg ein praksisplass. Studentane står relativt fritt når det gjeld organiseringa, i samråd med fagleg praksiskoordinator. Praksisperioden gjev studenten høve til å fordjupe seg i eit praksisområde relatert til eige masterprosjekt. Målet er at studentane sjølvstendig skal ha ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av musikkterapitilbod, samt å formidle dette arbeidet.
Læringsutbyte
Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskapar
- Studenten kjenner til teori, forsking og musikkterapeutiske arbeidsformer som er relevant for praksisområdet.
- Studenten har djupnekunnslap som er nødvendig for utøving av musikkterapi innan dette området
Dugleikar
- Studenten har godt utvikla dugleikar for musikkterapeutisk praksis for praksisområdet.
- Studenten kan planlegge, gjennomføre og vurdere musikkterapitilbod, og formidle dette arbeidet.
Generell kompetanse
- Studenten har erfaring med individuelle terapiprosessar så vel som gruppeprosessar, og kan reflektere over personlege prosessar knytt til terapi.
Fulltid/deltid
Fulltid
Studiepoeng, omfang
Praksis gir ingen studiepoeng, men er ein integrert del av Integrert mastergrad i musikkterapi ved Fakultet for kunst, musikk og design, og er knytt til fleire av emna på studiet.
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust/Vår
Undervisningsstad
Griegakademiet ¿ Institutt for musikk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Arbeids- og undervisningsformer
Praksis vert gjennomført som punktpraksis, ein heil eller to halve dagar i veka gjennom semesteret, til saman 90 timar. I særskilte høve kan det vurderast om praksisen heller kan gjennomførast som blokkpraksis.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- 90 timar punkt- eller blokkpraksis
- Forebuing, etterarbeid og rettleiing knytt til praksis
- Praksisrapport
Alle obligatoriske aktivitetar skal vere gjennomførte og godkjente for å kunne bestå emnet. For praksis gjeld 100% oppmøte.
Vurderingsformer
Intern praksisrettleiar vurderer om praksis er bestått utifrå ei heilskapleg vurdering av studenten gjennom praksisperioden. Vurderinga skal gjerast tilgjengeleg for studenten før praksisperioden er over.
Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Emnet har ikkje litteraturliste.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for Femårig integrert masterprogram i musikkterapi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Emneansvarleg
Kjetil Hjørnevik
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design
Institutt
Griegakademiet ¿ Institutt for musikk