Norrøn mytologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- NOFI106
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk, svensk og engelsk kan òg bli brukte i nokon grad.
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI106
- har grunnleggjande kunnskap om eldre nordisk mytologi og kult
- har grunnleggjande kunnskap om mytologien i Snorre-Edda
- har god kunnskap om det mytologiske innhaldet i eit utval av eddadikta
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan kommentere og analysere eit utval eddadikt i omsetjing og like eins Snorre-Edda i omsetjing
- kan setje desse tekstane inn i eit religionshistorisk perspektiv
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan setje seg inn i mytologiske strukturar allment
- har grunnleggjande kunnskapar om religionsvitskaplege metodar og arbeidsfelt
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1) Obligatorisk oppmøte på minst 75 % av den oppsette undervisninga.
2) Dersom studenten i samråd med faglærar legg opp eit anna pensum enn standardpensumet i emnet, må han levere og få godkjent pensumlista innan kunngjord frist.
Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Ein skriftleg skuleeksamen på 4 timar.
Studenten kan skrive på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum:
A. Primærlitteratur
1. Ti eddadikt i omsetjing.
2. Frå Den yngre Edda (Snorre-Edda): Gylvaginning og Skaldskaparmål.
B. Sekundærlitteratur
1. Ei brei framstilling av norrøn religion, t.d. Gro Steinsland, Norrøn religion. Myter, riter, samfunn, Oslo: Pax (2005) s. 11-392.
2. Eit utval på om lag 100 sider av artiklar eller bokkapittel som gjev eit utfyllande bilete eller kastar lys over grunntekstane i pensumet.
Instituttet gjev framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. I så tilfelle må kandidaten ta kontakt med faglærar så snart som råd og levere og få godkjend pensumlista innan oppgjeven frist.