Norrøne handskriftstudium og runologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- NOFI110
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Undervisninga blir gjeven på skandinavisk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med dette emnet er at studentane skal utvikle evna til å lese norrøne tekstar i kjeldenær form, dvs. i fotografisk faksimile av handskrifter, diplom og runeinnskrifter.
Til grunn for dette emnet ligg eit studium av det latinske alfabetet i norrøne handskrifter og diplom (paleografi) og det yngre runealfabetet i norrøne innskrifter (runologi). Emnet gjev ei innføring i transkripsjon av begge alfabeta og dessutan translitterering av innskrifter i runealfabetet.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI110
- har grunnleggjande kunnskap om utviklinga av den norrøne skrifta i det latinske alfabetet og forkortingssystemet i denne
- har god kunnskap om eit utval gammalnorske og gammalislandske tekstar i fotografisk faksimile
- har god kunnskap om eit utval av norske runeinnskrifter frå mellomalderen (1050-1350)
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan transkribere tekst frå fotografiske faksimilar av handskrifter i det latinske alfabetet
- kan løyse opp forkortingar i handskriftene
- kan transkribere og translittere runeinnskrifter som ikkje er særskilt skadde eller vanskelege å lese
- kan normalisere og omsetje eit utval av handskriftstekstar og runeinnskrifter
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan kjenne igjen og analysere paleografiske trekk i tekstar i det latinske alfabetet også på andre mellomalderspråk
- kan arbeide med tekstar også på latin i det yngre runealfabetet
- kan arbeide med transkripsjonsoppgåver allment, og er kjent med generelle problem med translitterering frå eitt alfabet til eit anna
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar
Undervisninga blir gjeven i den siste tredjeparten av semesteret.
Undervisninga blir lagd opp med tanke på aktiv deltaking, og det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på minst 75 % av den oppsette undervisninga
Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Vurderingsformer
Ein skriftleg skuleeksamen på 4 timar.
Studenten kan skrive på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
A. Primærlitteratur
1. Gammalnorsk tekst i faksimile: om lag 3 sider i handskriftsfotografi.
2. Gammalislandsk tekst i faksimile: om lag 3 sider i handskriftsfotografi.
3. Yngre runer: 15 innskrifter.
B. Sekundærlitteratur
Kortfatta framstillingar (kvar på ca. 30 - 50 sider) av kvart av dei tre følgjande emna:
1. Skriftkunne, særleg i nordisk samanheng
2. Paleografi, særleg av norrønt materiale
3. Runologi, særleg av yngre runer
Ei fullstendig litteraturliste blir lagd ut innan 1. juli for det påfølgjande haustsemesteret. Det er høve til å skifte ut delar av denne litteraturen etter avtale med faglærar, men i så fall må den reviderte pensumlista godkjennast av faglærar innan ein frist som blir kunngjord ved opninga av kurset.
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Det er høve til å bruke ein norrøn grammatikk og ei norrøn ordbok under eksamen.
Utanlandske studentar kan dessutan bruke ordbok frå sitt eige språk til moderne norsk, og frå moderne norsk til sitt eige språk.
Studenten må sjølv ta med dei ønskte hjelpemidla.