Norrøn filologi masteroppgåve
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- NOFI350
- Talet på semester
- 4
- Undervisningsspråk
- Rettleiinga blir gjeven på norsk, dansk, svensk eller engelsk, eller andre språk etter avtale med studenten.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ein kandidat med masteroppgåve i norrøn filologi frå Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen
- har avanserte og djuptgåande kunnskapar innanfor temaet for masteroppgåva
- har omfattande og god kunnskap om mellomalderfilologiske teoriar og forskingsmetodar med relevans for masteroppgåva
- har god forståing for dei vitskapsteoretiske problemstillingane i temaet for masteroppgåva
- kjenner til den aktuelle debatten om sentrale problemstillingar innanfor fagområdet
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan planleggje og gjennomføre eit større norrønfilologisk forskingsprosjekt
- kan bruke aktuelle teoriar og metodar til sjølvstendig forsking
- kan analysere og granske kritisk etablerte mellomalderfilologiske teoriar, metodar og forståingsrammer
- kan analysere og ha ei kritisk haldning til både norrøne kjeldetekstar og vitskaplege arbeid om dei
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan gjennomføre eit større akademisk forskingsprosjekt med høg grad av sjølvstende
- kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema
- kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk, har også kompetanse i å lese tekstar på andre språk enn desse
- kan drøfte filologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt til desse
- kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Innlevering av ei masteroppgåve og ein justerande, munnleg eksamen.
Masteroppgåva skal normalt ha eit omfang på 70-110 sider (140 000-320 000 teikn inkl. mellomrom). Litteraturlista og ulike vedlegg kan kome i tillegg til dette sideomfanget. Vedlegga kan omfatte tabellar, korpusoversikter, avskrifter av primærkjelder og anna grunnlagsmateriale.
Eit stutt samandrag av innhaldet på norsk og engelsk (1-2 sider) skal takast med i oppgåva. Samandraget skal innehalde opplysningar om namnet på forfattaren og tittelen på oppgåva, kort presentasjon av temaet, kva materiale avhandlinga byggjer på (primærmateriale og eventuelt dei viktigaste sekundærkjeldene), problemstillingar og metode/tilnærmingsmåte, disposisjon av stoffet, og til slutt dei konklusjonane og resultata som oppgåva legg fram.
Masteroppgåva skal skrivast på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk. Ho skal leverast elektronisk på Inspera innan ein frist som kvart semester blir kunngjord der.
Etter at masteroppgåva er vurdert av ein eksamenskommisjon, blir det halde ein munnleg eksamen som består av ein diskusjon omkring masteroppgåva, der studenten kan drøfte oppgåva med sensorane, svare på kritiske merknader og gjere greie for metode og/eller faghistorisk profil i oppgåva.
Under den munnlege eksamenen kan kandidaten bruke norsk, dansk, svensk eller engelsk. Det blir teke omsyn til at utanlandske studentar kan trenge ekstra tid til å formulere seg.
Den munnlege eksamenen er justerande i høve til karakteren på masteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.