Nordisk: Den nordiske språkgreina
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- NOSP106
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Svensk og dansk kan òg bli brukte
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi studentane kunnskap om likskapar og skilnadar mellom dei nordiske språka i fortid og notid (islandsk, færøysk, dansk, svensk og norrønt, i tillegg til moderne norsk. Eitt av språka blir studert grundigare enn dei andre. Kva for eit språk som blir tematisert, vil variere frå år til år.
Innhald:
Emnet har to hovudtema:
(1) Ei generell oversikt over språk og språkforhold i Norden.
(2) Fordjuping i eitt av dei nordiske språka utanom moderne norsk. Emne som kan bli vektlagde, er grammatikk, uttale, ordtilfang, språkhistorie, sosial variasjon, geografisk variasjon og språkpolitikk.
I tillegg inngår lesing og omsetting av prosatekstar og opplæring i bruk av nettbasert ordbok og andre ressursar. Lengda på prosatekstane blir tilpassa den språklege avstanden mellom norsk og fordjupingsspråket, med kortare tekstar på islandsk, færøysk og norrønt enn på dansk og svensk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggande kunnskap om språk og språkforhold i Norden, og meir inngåande kunnskap om eitt av språka
Ferdigheiter
Studenten
- kan ved hjelp av ordbok og andre ressursar omsette ukjend prosatekst av moderat vanskegrad frå det språket som ein fordjupar seg i, til moderne norsk og kommentere grammatikk og ordtilfang
Generell kompetanse
Studenten
- kan utveksle synspunkt om og vurderingar av språk og språktilhøve i Norden
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformene er (1) førelesingar og (2) oppgåveseminar der studentane arbeider med oppgåver i tilknyting til undervisningsstoffet. Det er sterkt tilrådd at studentane møter til førelesingane og deltek på seminara.
Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
På emnet nyttar ein heimeeksamen på 2 dagar.
Eksamenssvaret skal vere på ca. 2000 ord. Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk. Eksamenssvaret skal skrivast på norsk, og studenten skriv bokmål eller nynorsk etter eige val.
I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumet er på ca. 350 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege i samråd med andre vitskapleg tilsette i nordisk språk.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli.
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Institutt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium