Laboratoriekurs i optikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PHYS263
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk hvis engelskspråklige studenter, ellers norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet gjer studenten kjent med både historiske viktige optiske eksperiment samt moderne optiske instrument og metodar. Studenten får opplæring i bruk av måleutstyr og kjennskap til kalibrering og feilkjelder. Studenten lærer òg å presentere eksperimentelle resultat i ein vitskapleg rapport, både skriftleg og munnleg.
Innhald:
Emnet gir ei eksperimentell innføring i optikk. Det er fokus på laboratorieforsøk, men det kan òg bli aktuelt med feltmålinger ute og/eller i sjøen. Tema som vert gjennomgått inkluderer bl.a: Polarisering, diffraksjon, interferens, optisk filtrering, lysspreiing og absorpsjon frå partikler i luft og vatn.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- forstå samanhengen mellom teori og eksperiment
- identifisere feilkjelder i eksperimentelle målingar
- forstå dei ulike rollene til komponentar i eit eksperimentelt forsøk
Ferdigheiter
Studenten kan
- bruke eksperimentelt utstyr til å utføre forsøka
- skrive ein vitskapleg rapport som på ein klar måte framstiller det eksperimentelle arbeidet
- presentere det eksperimentelle arbeidet i ein munnleg presentasjon
Generell kompetanse
Studenten kan
- forklare teoretiske og praktiske avgrensingar til laboratorieeksperiment
- vurdere kvaliteten til eigne eksperimentelle resultat på ein kritisk måte
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk oppmøte på alle laboratorieøvingar
- Laboratorierapport. Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i (2) påfølgande semester etter godkjenninga.
- Godkjent obligatorisk aktivitet (presentasjon)er gyldig i (2) påfølgande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Rapporter , utgjør 50% av karakteren.
- Presentasjon (20 min), utgjør 10% av karakteren.
- Muntlig eksamen (45 min), utgjør 40% av karakteren.