Bacheloroppgåve i fysikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Studenten får praktisk erfaring med forsking som prosess og arbeidsmetode. Studenten vil planlegge, gjennomføre, formidle eit samarbeidsbasert forskningsprosjekt og gje tilbakemeldingar på eige og andre sitt arbeid. Studenten utviklar ei betre forståing av forskingas eigenart og bidrag i samfunnet.

Innhald:

Studenten vil gjennomføre eit lite forskingsprosjekt i samarbeid med ein medstudent. Prosjektet blir gjennomført i ei forskingsgruppe under fagleg rettleiing, og temaet blir valt i samråd med kursleiar. Det skal skrivast ein prosjektrapport (gruppearbeid). Problemstilling og resultat skal formidlast på ein fagleg plakat i ein postersesjon (gruppearbeid). Arbeidet får fagleg tilbakemelding frå medstudentar (fagfellevurdering) og rettleiar. Studentane deltar i felles samlingar for å utvikle sine faglege og overførbare ferdigheiter.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskapar om forskingsetiske normer, retningslinjer og god praksis i fagfeltet
  • kan setje seg grundig inn i ei ny problemstilling i fysikk og relevante arbeidsmetodar
  • kan forklare prinsippa bak og formålet med dei forskingsaktivitetane som inngår i prosjektet
  • kan plassere eigne data og funn i ein fagleg kontekst

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og rapportere resultat frå ei forskingsoppgåve i tråd med fagets standardar
  • kan finne, samanfatte og bruke faglitteratur som er relevant for prosjektet
  • kan forklare og begrunne korleis resultata i prosjektoppgåva kan tolkast og vurderast
  • kan vurdere eigne resultat opp mot ny kunnskap i fagfeltet og gje tilbakemelding på medstudentar sitt arbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • utviklar fagleg identitet, rolleforståing og forståing for forskingas eigenart og bidrag i samfunnet
  • kan samarbeide med andre i eit forskingsfellesskap og sikre framdrift av eit definert prosjekt
  • kan kommunisere eige arbeid og resultat gjennom rapportar og på faglege plakatar og etter standardiserte malar
  • kan bruke kunnskapar i fysikk til kritisk tenking, ansvarleg refleksjon og fagleg tilbakemelding

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
PHYS111 eller tilsvarande emne
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon

PHYS117 (10 studipoeng reduksjon)

PHYS298 (10 studiepoeng reduksjon)

Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar over aktuelle tema, utfordringar og problemstillingar ved prosjektarbeid.Midtsemestermøte der studentane presenterer status for eigne prosjekt.Skriving av prosjektrapport i vitskapleg format saman med medstudentar.Presentasjon av prosjektarbeidet på ein fagleg plakat.Munnleg og skriftleg tilbakemelding frå medstudentar og rettleiarar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på seminar og kursmøter .
Vurderingsformer

Godkjent prosjektmappe i skriftleg format som inneheld fylgjande:

  • Ei prosjektbeskriving
  • Ein prosjektrapport i vitskapleg format
  • To skriftlege tilbakemeldingar på andre sine rapportar
  • Ein fagleg plakat som formidlar eigne resultat
  • Tilbakemelding på andre studentar sin plakat/plakatpresentasjon

Alle elementa må være godkjent for å få karakteren bestått i emnet

Karakterskala
Bestått/Ikkje bestått
Vurderingssemester
Kun vår
Litteraturliste
Aktuelt materiell blir gjort tilgjengeleg via Mitt UiB og rettleiarteamet.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Institutt for Fysikk og Teknologi