Utvalde emne i eksperimentell partikkelfysikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PHYS341
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Målet med emnet er å formidle nåverande status av utvalte interessante tema i partikkelfysikk frå et eksperimentelt synspunkt.
Innhald:
Emnet startar med å presentera rammeverket til Standardmodellen, diskutere Lagrange- og gaugetransformasjonar, spontan symmetribrot, Higgsmekanismen, de Yukawa-koplingar, CKM-matrisen og dei mest presise parametrane som vert brukt for prediksjon. Deretter behandlar ein henfall av lepton og tunge kvarkar som involverer lepton, sjeldne henfall, «flavour» miksing og CP brot. Vidare drøfter en grunnleggjande e + e-prosessar, elektrosvak og toppkvarkfysikk, Higgs-bosonet og nøytrinovekselverknader. Emnet blir avslutta med diskusjon av utviding av Standardmodellen inklusiv supersymmetri.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- får en oppdatert oversikt over partikkelfysikken med detaljert innsikt i utvalde tema
- forstår suksessen til Standardmodellen og innser avgrensinga til den og behovet for ny fysikk
Ferdigheiter
Studenten
- kan følgje med på seminar og lese artiklar om dei tema i partikkelfysikk som er nyttig for masteroppgåven
Generell kompetanse
Studenten
- får verdifull trening i eksperimentell partikkelfysikk som er nødvendig for ein mastergrad i både eksperimentell og teoretisk partikkelfysikk