Mediert Evidentia

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Utfyllande semesteromtale

Mål og innhald

Dette er eit prosjektbasert emne med fokus på korleis ulike former for bevis kan samlast inn, undersøkast, utfordrast og reflekterast gjennom kunstnarlege handlingar.

PRO-emna er utforma for å berike din kunstnarlege utvikling (som blir utforska i ART-emna) ved å aktivere ferdigheiter, koble faglege fellesskap og undersøke disiplinære avgrensingar. PRO-emnane gir deg moglegheit til å fokusere på eit spesifikt prosjekt tilknytt di eiga praksis innanfor ein kontekst gitt av emneansvarlige.

Læringsutbyte

Kunnskap

  • Utvikle bevisstheit om relevante kjelder og praksisar

Ferdigheiter

  • Utforske tilnærmingar knytt til innsamling og (re)formulering av informasjon innanfor kunstnarpraksis
  • Forbetre og utvide dine eigne ferdigheiter og metodar gjennom prosjektutvikling

Generell kompetanse

  • Identifisere dine eigne læringsbehov knytt til fagområda
  • Utvikle og presentere nytt arbeid.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen, Campus M61.
Krav til studierett

Opptak til bachelorprogrammet i kunst.

Det er satt eit tak på 15 studentar som kan ta dette emnet og tilsvarande emnet på MA-nivå. I enkelte tilfelle kan emnet ha lågare eller høgre opptakstall, dersom faglege, organisatoriske eller pedagogiske grunnar tilseier det. Dette vil gå tydeleg frem i utfyllande semesteromtale.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:

  • Prosjektutvikling
  • Individuell utforsking
  • Gruppearbeid
  • Førelesingar
  • Presentasjonar
  • Gruppediskusjonar
  • Rettleiing
  • Tilvist litteratur
  • Skriveøvingar
  • Verkstadbasert instruksjon

Sjå utfyllande semesteromtale for detaljar spesifikke for dette semesteret.

Vurderingsformer

Innlevering av kunstnarleg arbeid, enten fysisk eller digitalt. Emneansvarlig spesifiserer dette i starten av semesteret.

Vurderingskriterium:

Utforsking

Fagkunnskap

Eksperimentering

Realisering

Samarbeid og sjølvstendig arbeid.

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust.
Emneevaluering
Emnet evalueres hvert tredje år ihht. til UiBs kvalitetssystem
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet