Forskningsemne: Globale utfordringer
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PRO226
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk og norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Dette er eit prosjektbasert emne med fokus på akutte globale utfordringar og måtar kunstnarisk praksis kan takle desse på. Det er særleg vekt på forskingsmetodar og former for undersøking.
PRO-emna er utforma for å berike din kunstnarlege utvikling (som blir utforska i ART-emna) ved å aktivere ferdigheiter, koble faglege fellesskap og undersøke disiplinære avgrensingar. PRO-emnane gir deg moglegheit til å fokusere på eit spesifikt prosjekt tilknytt di eiga praksis innanfor ein kontekst gitt av emneansvarlige.
Læringsutbyte
Kunnskap
- Utvikle bevisstheit om sosiale og politiske diskursar.
- Få innsikt i kunstnariske forskingsstrategiar
Ferdigheiter
- Forbetre og utvide dine eigne ferdigheiter og metodar gjennom prosjektutvikling
Generell kompetanse
- Identifisere dine eigne læringsbehov knytt til fagområda
- Utvikle og presentere nytt arbeid.
Fulltid/deltid
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til studierett
Opptak til bachelorprogrammet i kunst.
Det er satt eit tak på 15 studentar som kan ta dette emnet og tilsvarande emnet på MA-nivå. I enkelte tilfelle kan emnet ha lågare eller høgre opptakstall, dersom faglege, organisatoriske eller pedagogiske grunnar tilseier det. Dette vil gå tydeleg frem i utfyllande semesteromtale.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:
- Prosjektutvikling
- Individuell utforsking
- Gruppearbeid
- Førelesingar
- Presentasjonar
- Gruppediskusjonar
- Rettleiing
- Tilvist litteratur
- Skriveøvingar
- Verkstadbasert instruksjon
Sjå utfyllande semesteromtale for detaljar spesifikke for dette semesteret.
Vurderingsformer
Innlevering av kunstnarleg arbeid, enten fysisk eller digitalt. Emneansvarlig spesifiserer dette i starten av semesteret.
Vurderingskriterium:
Utforsking
Fagkunnskap
Eksperimentering
Realisering
Samarbeid og sjølvstendig arbeid.