Paralleller og sammenføyninger
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PRO230
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk og norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
To parallelle linjer ferdast i takt, men møtest aldri; to linjer konvergerer mot eit fast punkt berre for å fortsette i motsett retning. Dette prosjektbaserte emnet utforskar naturen av relasjonar, nærleikar og kryssingar - enten dei er formelle, sosiale eller kulturelle - og undersøker korleis form, rom, tankar og makt blir konstruert gjennom ulike måtar ting blir plasserte i forhold til kvarandre.
PRO-emna er utforma for å berike din kunstnarlege utvikling (som blir utforska i ART-emna) ved å aktivere ferdigheiter, koble faglege fellesskap og undersøke disiplinære avgrensingar. PRO-emnane gir deg moglegheit til å fokusere på eit spesifikt prosjekt tilknytt di eiga praksis innanfor ein kontekst gitt av emneansvarlige.
Læringsutbyte
Kunnskap
- Utvikle bevisstheit om relevante praksisar og kjelder
Ferdigheiter
- Utvikle nye ferdigheiter og prosessar
- Forbetre og utvide dine eigne ferdigheiter og metodar gjennom prosjektutvikling.
Generell kompetanse
- Identifisere dine eigne læringsbehov knytt til fagområda
- Utvikle og presentere nytt arbeid.
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til studierett
Opptak til bachelorprogrammet i kunst.
Det er satt eit tak på 15 studentar som kan ta dette emnet og tilsvarande emnet på MA-nivå. I enkelte tilfelle kan emnet ha lågare eller høgre opptakstall, dersom faglege, organisatoriske eller pedagogiske grunnar tilseier det. Dette vil gå tydeleg frem i utfyllande semesteromtale.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:
- Prosjektutvikling
- Individuell utforsking
- Gruppearbeid
- Førelesingar
- Presentasjonar
- Gruppediskusjonar
- Rettleiing
- Tilvist litteratur
- Skriveøvingar
- Verkstadbasert instruksjon
Sjå utfyllande semesteromtale for detaljar spesifikke for dette semesteret.
Vurderingsformer
Innlevering av kunstnarleg arbeid, enten fysisk eller digitalt. Emneansvarlig spesifiserer dette i starten av semesteret.
Vurderingskriterium:
Utforsking
Fagkunnskap
Eksperimentering
Realisering
Samarbeid og sjølvstendig arbeid.