Psykologisk behandling II
Masteremne
- Studiepoeng
- 12
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- PRPSYK312A
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Studentane blir gjort kjende med sentrale tilnærmingar til psykologisk behandling (psykoterapi) for ulike aldersgrupper, inkludert teoretisk grunnlag, empiri og metodikk. Emnet bygger primært på tidlegare undervisning i personlegdomspsykologi, psykologisk kartlegging, psykopatologi og behandling. Emnet har som mål å styrke ei forståing for idégrunnlag, nøkkelomgrep, teori om psykopatologi og endring, samt intervensjonsmetodar innan dei ulike behandlingstilnærmingane.
Innhald
Emnet fokuserer på sentrale psykologiske tilnærmingar, som kognitiv åtferdsterapi, dynamisk psykoterapi, opplevingsorienterte og mindfulnessbaserte terapiformer og terapiintegrasjon. Det vil også vere fokus på viktigheita av relasjonelle ferdigheiter og terapeuthaldningar som respekt, empati og fleksibilitet som eit grunnlag for bruk av ulike terapeutiske intervensjonar.
Om innhaldet:
Kognitiv åtferdsterapiUndervisninga fokuserer på korleis ein kan arbeide kognitiv-åtferdsterapeutisk med ulike typar av psykiske lidingar. Grunnprinsipp innan den kognitive tilnærminga blir gjennomgått, og studentane blir introdusert for døme på ulike tilstandsbilete og gjennomfører ferdigheitsøvingar knytt til sentrale intervensjonar.
Dynamisk psykoterapiUndervisninga gir eit oversyn over hovudlinjene i dynamisk psykoterapi. Sentrale intervensjonar og framgangsmåtar vil bli illustrert gjennom videodøme frå reelle terapeutiske forløp innan korttids psykodynamisk terapi.
Opplevingsorienterte og mindfulness-baserte terapiformerUndervisninga gir ei forståing av det teoretiske grunnlaget for opplevingsorienterte og mindfulnessbaserte terapiformer. Studentane vil gjennom videodøme og praktiske øvingar bli gjort kjende med sentrale forståingsmåtar og intervensjonar. Målet er å få ei forståing for korleis desse tilnærmingane kan nyttast overfor ulike typar av psykiske problem og eksistensielle utfordringar.
TerapiintegrasjonUndervisninga gir ei innføring i det integrative perspektivet innanfor psykoterapifeltet. Kurset vil også gi ei praktisk innføring i korleis teoretiske og tekniske element frå ulike terapitilnærmingar kan integrerast i arbeid med kliniske problemområde.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan drøfte og forstå:
- idégrunnlag og sentrale begrep
- spesifikke faktorar i psykoterapeutisk endringsarbeid
- kva som kan utløyse og oppretthalde psykiske vanskar
- rasjonale for behandling av psykiske vanskar
- ulike evidensbaserte behandlingsmodellar for psykologisk behandling, herunder kognitiv åtferdsterapi, emosjonsfokusert terapi, korttids psykodynamisk terapi og psykoterapiintegrasjon
- sentrale terapeutiske intervensjonar som eksempel på spesifikke faktorar i psykoterapeutisk endringsarbeid
- empirigrunnlag
- indikasjonar og kontraindikasjonar for behandling
- kunnskap som bidrar til eit likeverdig tenestetilbod for alle, deriblant samiske pasientar
Ferdigheiter
Studenten kan:
- formidle behandlingsrasjonale
- etablere eit behandlingsfokus
- utføre utvalde sentrale intervensjonar
Generell kompetanse
Studenten:
- kan kritisk reflektere over etiske dilemma knytte til val og prioritering ved ulike psykologiske intervensjonar og terapitilnærmingar
- kan reflektere over og anvende kunnskap som bidrar til eit likeverdig tenestetilbud for alle, deriblant samiske pasientar
- er bevisst på betydninga av å lytte og vise empati, respekt og opptre ekte overfor pasientar, pårørande og helsepersonell og deira situasjon og problem
- forstår viktigheita av å vere fleksibel når det oppstår behov for justering av behandlingsplanen undervegs i behandlinga
- forstår kva premiss nokon legg til grunn når dei gjer handlingsval og vurderingar i virket som psykolog
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Karakterskala
Greidd/ikkje greidd