Psykologisk behandling ved komplekse psykiske tilstandsbilete
Masteremne
- Studiepoeng
- 7
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- PRPSYK313
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnet skal gi teoretisk og praktisk innføring i behandling av komplekse psykiske tilstandsbilete, om indikasjonar for ulike behandlingstilnærmingar, og om tidsperspektiv for endring og vekst.
Innhald
Emnet skal gi kunnskap om psykologisk behandling ved personlegdomsforstyrringar, psykotiske tilstandar, rusmiddel- og annan avhengnadsproblematikk, samt alvorleg/kronisk somatisk sjukdom. Forhold av betydning for arbeidet med klientar i ulike aldersgrupper (barn/unge, vaksne og eldre) skal vektleggast.Emnet bygger primært på PRPSYK311A, PRPSYK311B, PRPSYK312A, PRPSYK312B, PRPSYK312C og PRPSYK314.
Tema 1 Behandling av personlegdomsforstyrringar:
Kurset gir ei innføring i terapimodellar og behandlingstilnærmingar retta mot ulike personlegdomsforstyrringar med særleg vekt på to sentrale modellar. Det vil vere fokus på å vise korleis ein gjennom terapi kan arbeide med problematiske mønster i tenking, affektuttrykk og interpersonleg fungering som kjenneteiknar og påverkar viktige funksjonsområde hos personar med personlegdomsforstyrringar.
Tema 2 Behandling av psykosar:
Kurset gir ei innføring i psykologisk behandling ved psykosar. Det vil bli lagt vekt på ein gjennomgang av sentrale og dokumentert verksame arbeidsformer i behandling av personar med psykoselidingar. Kurset gir høve til praktisk utprøving av sentrale ferdigheiter i terapeutisk arbeid med psykotiske personar.
Tema 3 Behandling av rusmiddel- og annan avhengnadsproblematikk:
I kurset blir det lagt vekt på ei teoretisk innføring i metodar som kan avklare ambivalens og fremme motivasjon for psykologisk behandling hos rusmiddelmisbrukarar. Kurset inneheld øvingar knytt til sentrale aspekt ved endringsarbeid på tvers av typar og omfang av avhengnadsproblem: arbeid med ambivalens, endringssnakk(sjølvmotiverande ytringar) og beslutning i ei klientsentrert tilnærming. Kurset vil gjennomgå ei tilnærming til behandling av avhengnadsåtferd (Kognitiv AtferdsTerapi; KAT) som er sentral i mange modellar for behandling av avhengnadsåtferd både ved kjemisk og ikkke-kjemisk avhengnad.
Tema 4 Klinisk helsepsykologi:
Undervisninga gir ei innføring i kliniske helsepsykologiske tilnærmingar og til bruken av psykologisk kompetanse overfor pasientar med somatisk sjukdom, gjennom direkte klinisk arbeid, undervisning, kompetansespreiing eller haldningsskapande arbeid. I kurset inngår det øvingar i nokre sentrale ferdigheiter innanfor klinisk helsepsykologi.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Ved fullført emne kan studenten ...
- vise inngåande kunnskap om alvorlege psykiske lidingar, inkludert samsjukelegdom, rus og avhengnad
- gjengi og reflektere over sentrale psykologiske behandlingsprinsipp for komplekse psykiske tilstandsbilete
- forklare og drøfte dei sentrale elementa i ein behandlingsplan for personlegdomsforstyrring
- forklare og drøfte sentrale behandlingsprinsipp for personlegdomsforstyrringar innan ulike terapimodellar
- forklare og begrunne sentrale element ved førstegangsbehandling, vedlikehaldsbehandling og behandling av tilbakefall ved psykoselidingar
- forklare og drøfte sentrale prinsipp i behandling av ulike former for avhengnadsåtferd
- gjere greie for og reflektere rundt psykologiske og sosiale aspekt og sentrale oppgåver i klinisk helsepsykologisk arbeid ved somatisk sjukdom
- gjere greie for og reflektere over brei kunnskap om modellar for samarbeid og samhandling i helse- og omsorgstenesta
- gjere greie for psykologiske aspekt knytt til tverrfagleg rehabilitering
Ferdigheiter
Ved fullført emne kan studenten ...
- gjengi og anvende sentrale dokumenterte verksame intervensjonar ved komplekse psykiske tilstandsbilete
- kjenne til og anvende sentrale dokumenterte verksame intervensjonar og metodar i behandling av personlegdomsforstyrringar
- sjølvstendig gjennomføre samtalar med barn som pårørande, ved bruk av eksisterande rutinar for oppfølging av barn som pårørande
- identifisere og prioritere intervensjonsfokus og grunngi behov for innlegging ved mistanke om psykoseliding
- bruke sentrale intervensjonar til å avklare ambivalens og fremme motivasjon for psykologisk behandling for avhengnadsåtferd
- anvende basisferdigheiter ved motiverande intervju i arbeid med meistring av psykiske vanskar relatert til somatisk sjukdom
Generell kompetanse
Ved fullført emne kan studenten ...
- anvende kunnskapane og ferdigheitene sine på ein sjølvstendig måte til å planlegge, gjennomføre og evaluere ulike evidensbaserte terapeutiske intervensjonar overfor alvorlege psykiske lidingar
- reflektere over etiske aspekt ved arbeid med personar med komplekse psykiske tilstandsbilete
- reflektere over etiske implikasjonar ved arbeid etter dei respektive intervensjonane og metodane i behandling av komplekse psykiske tilstandsbilete
- utvise bevisstheit og refleksjon om ressursar og om særskilte tilretteleggingsbehov hos menneske med komplekse psykiske tilstandsbilete
- kritisk reflektere over etiske dilemma knytt til val og prioritering av psykologiske intervensjonar
- vise medvit og refleksjon om betydninga av brukarmedverknad og om dilemma knytt til bruk av tvang i helsevesenet