Kvantitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PRPSYKMET2
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Kurset gir ei innføring i grunnleggande metodar for beskriving, behandling og oppsummering av kvantitativt datamateriale. Det blir gitt opplæring i vanlege former for organisering av kvantitative data, ulike former for beskriving og oppsummering av slike data, samt sentrale prinsipp for å gjere statistiske slutningar. Gjennom praktiske øvingar vil studentane få trening i bearbeiding og oppsummering av kvantitativ informasjon. Vidare vil kurset gi ei innføring i korleis ein evaluerer og anvender kunnskap frå kvantitativ forsking i psykologisk praksis.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten kan ...
- gjere greie for ulike kvantitative forskingsmetodar innanfor psykologi
- gjere greie for sentrale trekk ved det kunnskapsteoretiske grunnlaget for kvantitative forskingsmetodar
- gjere greie for kvalitetskriterium i forsking, inkludert prinsipp for openheit i vitskapleg arbeid
- kritisk analysere relevant forsking og meistre psykologfaglege uttrykksformer
- sjølvstendig grunngi val og bruk av relevante metodiske verktøy og utføre ulike kvantitative analysar
- forklare og drøfte etiske spørsmål og personvernomsyn som er knytt til gjennomføring av kvantitativ forsking
- beskrive og differensiere hovudtilnærmingar til kvantitativ dataanalyse
- identifisere situasjonar der det er relevant å bruke ulike former for kvantitativ dataanalyse
- kjenne til prinsipp for organisering av kvantitativt datamateriale
- kjenne til grunnleggande statistiske omgrep som sentraltendens, spreiing og samanheng
- kjenne til prinsipp for statistiske slutningar
Ferdigheiter
Studenten kan ...
- utforme forskingsspørsmål som er eigna for kvantitativ forsking
- vurdere kvalitet på kvantitative undersøkingar
- tilrettelegge og organisere kvantitative data ved hjelp av standard programvare
- framstille enkel univariat og bivariat statistikk ved hjelp av standard programvare
- tolke resultat frå statistiske analysar av bivariate samanhengar og forskjellar mellom grupper
- kommunisere resultat frå statistiske analysar i samsvar med vitskaplege standardar
Generell kompetanse
Studenten kan ...
- stille seg kritisk og reflektert til mogelegheiter og begrensningar ved kvantitativ forsking
Fulltid/deltid
Fulltid
Studiepoeng, omfang
5 sp
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminar og gruppeøvingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking i øvingar (godkjenning av lærar)
- Fullførte oppgåver knytte til førelesingstema (godkjenning av lærar)
- Kursprøve på kvantitative dataanalysar på relevant kunnskapsområde (godkjenning av lærar)
Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som Godkjent / Ikkje godkjent
Vurderingsformer
Emnet blir vurdert som bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent.
Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juli.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt
Programansvarleg
Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet