Refleksjon og kontekst
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- REF100
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
I dette emnet startar du utforskinga av språket som eit verktøy for refleksjon innanfor di eiga kunstpraksis og i ein større kunstnarisk diskurs. Gjennom skrive- og nærlesingsøvingar utforskar du ulike former, funksjonar og estetikk av tekstbasert materiale. Sentrale format, som kunstnarutsegna og kunstnarbiografien, blir introdusert; korleis blir slike format brukt i profesjonelle samanhengar, og på kva måtar kan dei tilnærmast kreativt? Skrivestuer og seminar blir støtta av førelesingar som etablerer historiske og kontekstuelle rammeverk.
REF100 knyter seg til arbeidet ditt i ART100 og blir ytterlegare støtta av teorikomponentane i MEME-emna dine.
REF-emnar er utforma for at du skal kunne plassere din egen praksis i relasjon til historie og teoriar om kunstpraksis. I emnet vil du trinnvis gå frå å forstå eit terreng til å kunne definere dette terrenget i relasjon til dine eigne kunstnariske aktivitetar. Profesjonell praksis er inkludert i emnets læringsutbytte og gjennom forståing av korleis skriving og ord-basert kommunikasjon blir nytta i yrkessamanheng.
Læringsutbyte
Kunnskap
- Utvikle bevisstheit om korleis språk og tekst blir nytta generativt for kunstpraksisar
- Utvikle innsikt i potensialet for tekst og språk for di eiga praksis
Ferdigheiter:
- Byrje å utvikle kritisk refleksjon rundt di eiga praksis og praksis til andre
- Utvikle innsikt i korleis kunstnarar nyttar og er avhengige av effektiv kommunikasjon i profesjonell praksis
Generell kompetanse:
- Bruke bibliotek og andre relevante ressursar
- Reflektere over etikk og kunstnariske strategiar knytt til plagiat versus 'homage'.
- Utvikle kritisk bevisstheit om moglegheiter og problem knytt til kunstig intelligens.
Fulltid/deltid
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:
- Gruppeseminar
- Lesing (i grupper og sjølvstyrt)
- Skriving (sjølvstyrt og kollektiv)
- Verkstader
- Førelesningar
- Bibliotekøkter
- Læring gjennom medstudentae
Vurderingsformer
Emnet brukar følgjande vurderingsformer: Skriftleg innlevering
Vurderingskriterier:
Utforsking
Analyse
Eksperimentering
Kommunikasjon og presentasjon