Tekstworkshop

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette emnet støttar utviklinga av tekstdelen av bachelorprosjektet ditt. Ved å utforske skriveteknikkar og identifisere sentrale kjelder og forskingsspørsmål, arbeider du mot fullføringa av ei oversikt over den endelege teksten din. Bruken av sitat og biografisk informasjon er ein sentral aktivitet.

REF220 er knytt til bachelorprosjektet ditt i ART220 og blir ytterlegare støtta av teorikomponentane i valfrie PRO-emnar.

REF-emnar er utforma for at du skal kunne plassere din egen praksis i relasjon til historie og teoriar om kunstpraksis. I emnet vil du trinnvis gå frå å forstå eit terreng til å kunne definere dette terrenget i relasjon til dine eigne kunstnariske aktivitetar. Profesjonell praksis er inkludert i emnets læringsutbytte og gjennom forståing av korleis skriving og ord-basert kommunikasjon blir nytta i yrkessamanheng.

Læringsutbyte

Kunnskap

  • Djupne kontekstualiseringa av praksisen din innanfor eit nettverk av relevante praksisar, diskursar og felt
  • Identifisere preferansar i skrivestilar og tilnærmingar

Ferdigheiter

  • Nytte sitat og bibliografisk informasjon i ei skriven tekst.
  • Identifisere døme på plagiat og uetisk bruk av kunstig intelligens i skriving

Generell kompetanse

  • Nytte medstudentar som publikum og som ein del av redigeringsprosessane
  • Utvikle ei oversikt over bachelor-teksten din.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen.
Krav til studierett
Opptak til bachelorprogrammet i kunst.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:

  • Gruppeseminar
  • Lesing (i grupper og sjølvstyrt)
  • Skriving (sjølvstyrt og kollektiv)
  • Verkstader
  • Førelesningar
  • Bibliotekøkter
  • Læring gjennom medstudentane
Vurderingsformer

Emnet brukar følgjande vurderingsformer: Skriftleg innlevering.

Vurderingskriterier:

Utforsking

Analyse

Eksperimentering

Kommunikasjon og presentasjon

Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Emneevaluering
Emnet evaluerast kvart tredje år, jf UiBs kvalitetssystem.
Programansvarleg
Programstyret for kunst og kuratorpraksis.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen.