Dataanalyse og programmering for samfunnsvitere
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- SAMPOL237
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Faget gir studentane ei innføring i korleis å gjennomføra databasert forsking i praksis.
Med konkrete forskingsspørsmål som utgangspunkt, lærer studentane korleis dei på eiga hand kan (1) finna og lasta ned relevante kvantitative data, (2) rydde og omstrukturera dataa for analyse, (3) analysera dataa ved bruk av dei vanlegaste statistiske verktøya som finst i forsking og arbeidsliv, og (4) presentera og visualisera data via tabellar og figurerer på overbevisande måtar. I praksis blir desse stega utførte gjennom programmering (i kodespråket R), og studentane vil læra korleis ein skriv alt som trengst av kode for ein databasert studie.
Målet er at studentane, etter å ha teke faget, på sjølvstendig vis kan planleggja og gjennomføra ein databasert studie frå start til slutt ved bruk av programmering.
Ferdigheitene studentane tileignar seg i faget vil vera særleg relevant til skriving av kvantitativ bacheloroppgåve, masteroppgåve, og dessutan til bruk i arbeidslivet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
- vise forståing for korleis databasert forsking blir gjennomført i praksis
- vise forståing for korleis data må strukturerast og analyserast i konkrete tilfelle for å svara på samfunnsvitskaplege problemstillingar
- reflektera over korleis forskingsresultat bør formidlast (til dømes via figurar) for å fremja tydelege og sannferdige bodskap
Ferdigheiter
Studenten kan
- skriva oversiktleg og god R-kode for å gjennomføra ein databasert studie frå start til slutt
- innhenta, rydda, strukturera, og omstrukturera data slik at dei lett kan analyseres
- analysera data gjennom fleksibel og kritisk bruk av dei vanlegaste statistiske verktøya som finst i forsking og arbeidsliv (opptil og inkludert multivariat regresjon)
- presentera og visualisera data optimalt med tanke på forskingsformidling for både eit vitskapleg og eit allment publikum
Generell kompetanse
studenten kan
- planleggja og gjennomføra ein databasert studie som svarer på eit samfunnsvitskapleg spørsmål
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Semesteressay (maks 4000 ord).
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen tilbys i undervisningssemesteret
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB. Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær kan også studenter med følgende reslutat melde seg:
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. August melde deg opp sjølv i Studentweb.