Etnografi i praksis
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SANT275
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskaper, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- kunne forstå det epistemologiske grunnlaget for etnografisk metode og denne sin plass i den samfunnsvitskaplege faghistoria
- ha kjennskap til nytteverdien av etnografiske metodar i ulike arbeidslivssituasjonar både i og utanfor akademia
Ferdigheiter
- kunne drøfte relasjonen mellom metode og teori i antropologisk forsking
- kunne gjere reie for ulike metodologiske vurderingar i etnografiske døme og drøfte kva som kjenneteiknar god etnografi
- kunne identifisere sentrale forskingsproblem og formulere relevante forskingsspørsmål innanfor ein sosialantropologisk tradisjon
- kunne dra nytte av sentrale etnografiske metodar, så som for eksempel deltakande observasjon, kvalitative intervju, visuell metode, og komparasjon.
- kunne gjere reie for og nytte sentrale etiske retningslinjer i eit etnografisk basert prosjekt
- kunne formidle etnografisk basert kunnskap skriftleg, munnleg, og visuelt
Generell kompetanse
- utvikle kritisk medvit om hovudutfordringane ved å utføre feltarbeid og presentere etnografisk forankra kunnskap
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
6-8 veker med forelesingar, gruppeseminar, prosjektutvikling og praktiske øvingar.
Emnet er basert på praktisk deltaking i undervisningsaktivitetane.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Emnet har følgande obligatoriske aktivitetar:
- Innleveringar knytte til praktiske oppgåver
- Oppmøte på fagfelleseminar med munnleg presentasjon
Alle obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. Godkjende aktivitetar på emnet er berre gyldig inneverande semester.
Vurderingsformer
Sluttrapport (3000-4000 ord inkl referansar) basert på praktiske oppgåver og gjennomført feltarbeidsprosjekt.
Nærmare informasjon om krav til og utforming av det skriftlege arbeidet vil bli publisert på Mitt UiB
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiBs studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til studieveileder.sosantr@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.