Økonomisk sosiologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- SOS106
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
SOS106 er eit fordjupingsemne knytt til eit av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjende med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valde emnet. Ei slik fordjuping vil også gi eit godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.
Det blir gitt ein oversikt over sosiologiske perspektiv på høvet mellom økonomi og samfunn. Nokre tema blir særlig grundig handsama. Kva for tema dette er, kan variere frå semester til semester, men vanlegvis ser ein på dei følgjande:
- Sosiologiske teoriar om dei sentrale institusjonane i det kapitalistiske økonomiske systemet generelt og om marknader spesielt
- Rolla sosiale nettverk spelar i det kapitalistiske økonomiske systemet
- Høvet mellom sosiologiske og samfunnsøkonomiske teoriar om økonomien
- Vekst, kriser og andre utviklingstrekk i norsk og internasjonal økonomi, med særleg vekt på korleis ein kan forstå endringane som har skjedd dei seinare åra
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Etter å ha avslutta emnet kan studenten
- gjere greie for kva som kjenneteiknar det kapitalistiske økonomiske systemet og korleis det har blitt til
- gjere greie for dei mest generelle trekka ved dei vanlege (nyklassiske) økonomiske teoriane om marknader, velferd og styring av samfunnsøkonomien, samt kritikken som er retta mot desse teoriane
- gjere greie for ulike teoriar økonomiske sosiologar har om høve mellom økonomiske aktørar, inkludert teoriar om marknader og om nettverk
- gjere greie for kjenneteikn ved og teoriar om dei seinare åras utvikling i norsk og internasjonal økonomi, som globalisering, ny-liberalisme, og økonomiske kriser av ulike slag
Generell kompetanse
Etter å ha avslutta emnet er studenten i stand til å
- finne fram til og presentere informasjon om samfunnsøkonomiske høve, og delta i diskusjonar om slike høver med fagleg grunngjevne argument
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar
Talet på førelesingstimar: 20-24
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1. Obligatorisk innlevering av oppgåve (2000 ord, +/- 10 %) og skriftlege kommentarar til to medstudentar sine oppgåver.
2. Innsamling og 5-10 minutts presentasjon av informasjon om eit oppgitt tema.
Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgande eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
6 timars skuleeksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.