Grunnemne i tysk språk II
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- TYS115
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Tysk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet består av to delar.
Den eine delen er eit kurs i tysk grammatikk og tek føre seg bruken av tyske modalverb og verbalsyntaks (dei infinitte verbformene, konjunktiv og passiv) som ein treng for å uttrykke seg komplekst og skriftspråkleg på tysk.
Den andre delen er eit basiskurs i lydlære (fonetikk/fonologi).
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- har grundig kunnskap om tysk grammatikk/språkstruktur i ei rekkje sentrale tema (t.d. konjunktiv, infinittsyntaks og passiv)
- har gode basiskunnskaper i tysk fonetikk/fonologi
- har grunnleggjande kunnskap om lingvistisk fagterminologi (òg kjennskap til fonetisk transkripsjon ved hjelp av IPA-teikn)
Ferdigheiter:
Studenten
- kan bruke grunnleggjande tysk grammatikk og fonetisk/fonologisk fagterminologi
- kan skildre og analysere relativt kompliserte strukturar i det tyske språket
- kan bruke enkle syntaktiske analyseverktøy og enkel fonetisk transkripsjon
Generell kompetanse:
Studenten
- har eit godt grunnlag for å utvida eigen praktisk og teoretisk kompetanse i tysk språk
- er god førebudd på å halde fram tyskstudiet på 200-nivå
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Bergen.
Dette emnet finst òg som nettemne (TYS635) med eige opptak.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningstilbodet omfattar forelesingar og øvingsgruppe som kan vere online.
Alle delar føreset aktiv deltaking frå studentane.
- Ein dobbeltime forelesing og ein dobbeltime øvingsgruppe
- Ein førebuingspakke per veke for sjølvstudium
- 12 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er oppmøteplikt til 75% av forelesingane.
Kvar veke skal det løysast ei oppgåve knytt til innhaldet i førebuingspakkane. 8 slike oppgåver må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Alle obligatoriske arbeidskrav må gjennomførast i same semester.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust.
Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum omfattar sentrale element i tysk grammatikk, lydlære og øvingsoppgåver.
Litteraturlista er klar 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.