Profilering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal studentane fordjupe seg i grafisk profilering.

Med utgangspunkt i ein gitt designbrief skal studentane jobbe i grupper med konseptutvikling og produksjonsforslag for ein tenkt oppdragsgjevar. I tillegg til den heilskaplege visuelle utforminga vil det leggjast vekt på korleis gruppa organiserer og handterer prosjektstyring, og jobbar strategisk. Aktuelle kommunikasjonsflater og identitetsskapande element kan omfatte trykksaker og digitalt materiale, typografi, vegfinning, foto/video og web.

Studentar i studieretninga Visuell kommunikasjon kan velgje enten dette emne, eller VIS235 Illustrasjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

  • Har kjennskap til prinsipp for visuell identitet og grafisk profilering.
  • Har kjennskap til teoriar for visuell identitetsskaping og merkevarebygging.
  • Har grunnleggjande kjennskap til prinsipp og system for vegfinning.

Ferdigheiter:

  • Kan nytte og forhalde seg til ein designbrief i eit designprosjekt.
  • Kan nytte og reflektere over faguttrykk knytte til visuell identitet og grafisk profilering.

Generell kompetanse:

  • Kan handtere eit oppdragsbasert designprosjekt.
  • Kan organisere prosjektarbeid i gruppe.
  • Kan jobbe analytisk og kritisk med planlegging og gjennomføring.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Campus Møllendal ved UiB.
Krav til forkunnskapar
Emnene VIS200 Designsystemer og interaksjon, og VIS211 Redaksjonell design og designjournalisme må være bestått.
Krav til studierett
Emnet tilbys til studentar med opptak til Bachelorprogrammet i design, med studieretning Møbel og rom/interiørarkitektur.
Arbeids- og undervisningsformer

Eksempel på undervisnings- og arbeidsformer i emnet:

  • Gruppearbeid
  • Prosjektarbeid
  • Førelesing
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Muntleg presentasjon.

(ved godkjent har studenten rett til vurdering i emnet).

Vurderingsformer

Mappevurdering. Mappa skal innehelde:

  • dokumentasjon av visuell profil og designprosess
  • refleksjonsnotat (refleksjon over læringsutbytte)
Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet evalueres hvert tredje år iht UiBs kvalitetssystem.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Institutt for design har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.