Hjem
Historie
Studieretning

Mellomalderhistorie

Les très riches heures du Duc de Berry, juni
Les très riches heures du Duc de Berry, juni.
Foto/ill.:
Wikimedia commons

Hovedinnhold

Mellomalderhistorie har eit breitt tematisk, tidsmessig og geografisk spenn. Det blir rettleia i emne frå norsk, skandinavisk og europeisk mellomalder, men også ikkje-europeisk blir via merksemd. Tidsmessig er hovudfokuset på den tradisjonelle forståinga av mellomalderen, frå kring 500 til 1500, men i mange høve er det naudsynt å gå utover desse periodekonstruksjonane – både bakover i tid til antikken og framover til tidleg moderne tid. Tematisk er det mogeleg å få rettleiing i ei rekkje emne, og studenten blir oppmoda til sjølv å kome med innspel til masteroppgåver. For dei som i utgangspunktet har ei interesse for perioden, vil det vere mogeleg å ta utgangspunkt i fleire problemstillingar som i større eller mindre grad går inn i instituttets mellomalderforsking.

Her finn du moglege tema:

Den eldste norske historieskrivinga

Kontaktperson: (alle)

Dette dreier seg sjølvsagt om dei norrøne sagaene, med Snorres kongesagaer som dei viktigaste, men korpuset er langt meir omfattande og inkluderer blant anna historieskriving på latin og helgenskildringar. Dette materialet legg grunnlaget for ei rekkje masteroppgåver, gjerne komparative, som då vil undersøkje karakteristiske trekk ved den eldste norske historieskrivinga. Kva type forteljingar blir skrive fram? Kva litterære og retoriske verkemiddel tek forfattarane i bruk? Kva historiesyn ligg under framstillingane? Det er også mogeleg å kombinere analysar av historieskrivingas form med gransking av sentrale tematikkar i historieverka – frå kongar og krig til, i samtidas forståing, meir marginale fenomen.

Byhistorieskriving

Kontaktperson: (alle)

Den tidlegaste byhistorieskrivinga i Noreg i tidleg moderne tid hadde sitt opphav i byar, i all hovudsak Bergen. Der mellomalderens sagahistorier var nasjonal – eller kanskje rettare dynastisk – i orientering, hadde historieskrivinga i tidleg moderne tid ei lokal forankring. I Bergen vaks det på 1500-talet fram eit korpus av byhistorier som tematiserte både fortid og samtid – ikkje minst byens utfordringar i møte med Hanseatane. Ei masteroppgåve med utgangspunkt i den bergenske byhistorieskrivinga kan for eksempel krinse kring representasjonen av hanseatane, men den kan også ta opp andre emne slik som forteljingar, retoriske verkemiddel og historiesyn. Det er også mogeleg å utvide perspektivet utover Bergen og inkludere andre delar av den lokalhistorisk forankra norske historieskrivinga i tidleg moderne tid.  

Mellomalderens debattkulturar

Kontaktperson: Leidulf Melve

Medan debatt og diskusjon i ulike fora er nesten sjølvsagt i dag, var stoda ganske annleis i mellomalderen. Dette emnet har som mål å granske føresetnadene for debatt og diskusjon i mellomalderen, men også analysere korleis debattar føregjekk i ulike kontekstar og fora. Ei masteroppgåva kan for eksempel ta for seg kommunikasjon, inkludert nettverksanalyse. Alternativt er det mogeleg å granske tilhøvet mellom (kommunikative) føresetnader for debatt og den faktiske diskusjonen – til dømes på tingforsamlingane. Ei anna vinkling er å analysere ein av dei mange (meir eller mindre) offentlege debattane som føregjekk på det europeiske kontinentet gjennom heile mellomalderen.

Den globale middelalderen

Kontaktperson: Leidulf Melve (og Kirsi Salonen)

Frå midt på 1200-talet byrja reisande frå Europa og ta seg austover, i første rekkje inn i det mongolske riket. Seinare gjekk reisa endå lengre, med Marco Polos reiser langs Silkevegen som det mest kjente eksempelet. I tilknyting til reisene vart det i mange høve forfatta det me  kan kalle reiseskildringar – framstillingar som skildrar reisa og, ikkje minst, møtet med framande kulturar og sivilisasjonar. Dette korpuset med reiseskildringar, frå 1250 og til utpå 1400-talet, legg grunnlaget for masteroppgåver som utforskar kulturmøtet mellom det europeiske og det ikkje-europeiske. Det er også mogeleg å utvide perspektivet til å nytte ikkje-europeiske kjelder, blant anna kinesiske reiseskildringar frå same periode.

Synd og kriminalitet i middelalderen

Kontaktperson: Kirsi Salonen

I middelalderen levde folk under to forskjellige juridiske kulturer. På den ene siden stod kongen og sekulær lov, på den andre paven og den katolske kirkeloven (kanonisk lov). Menn og kvinner syndet og begikk forbrytelser på mange forskjellige måter. Drap, tyveri, svindel og angrep ble straffet av sekulære domstoler, mens personer som rømte fra kloster, hadde sex med andre enn ektemaken eller slo en prest, ble straffet av kirkelige domstoler. Hvis du er interessert i å skrive masteroppgaven din om et tema innenfor juridisk historie, finnes det rikelig med kildemateriale om middelaldersk og tidlig moderne kriminalitet og synd i forskjellige former. Du kan for eksempel undersøke én type kriminalitet eller undersøke hvilken kriminalitet man begikk i en begrenset periode. Du kan også undersøke kriminalitet og lovbrudd fra et kjønnsperspektiv.

Europeisk historie

Kontaktperson: Leidulf Melve

Ei masteroppgåve kan innrettast på ei rekkje måtar, både med omsyn til tema, geografisk rom og periode. Innanfor denne ramma (europeisk historie, 800-1300), har studentar tidlegare skrive oppgåver om statsdanning, nasjonal identitet, krosstog og debattkultur. I tillegg har studentar arbeidd med meir globalhistoriske problemstillingar, gjerne med utgangspunkt i reiseskildringar som kjeldemateriale.

Histografi, teori og metode

Kontaktperson: Leidulf Melve

Ei masteroppgåve med historiografisk problemstilling kan også ha fleire innfallsvinklar. Det er mogeleg å granske korleis eit emne, til dømes statsdanning i mellomalderen, har blitt handsama i nyare forsking. Fleire historiografiske masteroppgåver har granska historieskrivinga i ein periode – gjerne for å prøve å forstå kvifor fortida er formidla slik den er. Tidlegare masterstudentar har innanfor ei slik ramme arbeidd med kongesagaene og den bergenske historieskrivinga frå 1500- og 1600-talet. Historiografisk tilnærming kan også kombinerast med analysar av teori og metode: ein student samanlikna til dømes diskusjonar av teori og metode i norsk og dansk historisk tidsskrift.  

Kirke, religiøsitet og hverdagsliv i middelalderen og reformasjonsperiode

Kontaktperson: Kirsi Salonen

Den katolske kirke og kristen religion var viktige faktorer i middelalderens liv. Den pavelige administrasjonens lange arm nådde hvert hjørne av kristenheten, også Norge, og regulerte kristnes hverdagsliv. Du kan skrive en masteroppgave f.eks. om donasjoner til kirker, pilegrimsreiser til fjerne og nære steder, helgenkult, klosterliv eller kirkelig administrasjon ved den pavelige kuria eller i Norge. Det er mulig å skrive oppgaven fra europeisk eller norsk synsvinkel.

Korstogshistorie

Kontaktperson: Kirsi Salonen

Korstogene var den største militære satsingen i Vest-Europas historie. De begynte for rundt 1000 år siden med erobringen av Jerusalem og varte i over 500 år. Korstogene var ikke bare begrenset til Jerusalem og Det hellige land, men ble også utkjempet på to andre fronter: Den iberiske halvøy og Østersjøen. Ved siden av soldatene involverte korstogene europeiske ledere, som dermed forsterket sin dominans på hjemmebane, og teologer som utviklet teorien om nødvendig og rettferdig krig. Korstogene ga også opphav til tre religiøse ordener: Tempelridderordenen, Johannitterordenen og Den tyske ridderorden.

Under dette temaet kan studentene skrive en oppgave om korstogene og middelalderens krigføring i Europa. Mulige temaer kan være korstog til Det hellige land, Pyreneene eller Østersjøen, en berømt korstogsleder - som kong Sigurd Jorsalfare av Norge eller Richard Løvehjerte av England - eller en av de de religiøse ridderordenene.