Hjem
Forum for vitenskap og demokrati
Arrangement

Gunnar Skirbekk: Religion i moderne samfunn

Religiøse symboler
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Kva skal vi med religion i moderne samfunn? Er det over og ut? Eller utgjer religion ein ressurs, også for moderne personar i moderne samfunn? 

Må religiøse personar, som andre, ta innover seg, og tilpasse seg, dei grunnleggjande fordringane i moderne, vitskapsbaserte samfunn? Og dersom dei ‘må’, er det då ut frå eigne gyldigheitspretensjonar, eller også av ansvarsetiske grunnar, i ei verd i krise? I så fall, kan eit vitskapsfilosofisk perspektiv fungere som eit supplerande og korrigerande bidrag i forhold til det vi gjerne høyrer frå religionsvitarar og teologar?

Gunnar Skirbekk er professor emeritus i vitskapsfilosofi ved Universitetet i Bergen.
Siste bok: Religion i moderne samfunn (2021).
 


Møteleder: Anders Johansen

Vi serverer enkel frokost til de første som kommer