Hjem
For ansatte

Utvikling av god studentmobilitet

Desse sidene er meint som hjelp til studieprogram som av ulike årsaker har hatt låge utvekslingstal, og som ønsker å arbeide med å utvikle god studentmobilitet.

Hovedinnhold

Kartlegging

Det er naudsynt å identifisere reelle problem og behov for å få den innsikta og kunnskapen ein treng for å utvikle gode tiltak og løysingar. Ein søker svar på:

  • Kvifor er det låg oppslutnad om utveksling ved studieprogrammet?
  • Kva er hovudutfordringane og kva bør vi undersøke nærare?

Til hjelp i dette arbeidet kan ein kikke på Starthjelp til kartlegging. I starthjelpa lister vi opp ein del stikkord og tema som kan undersøkast nærare, og vi gjev tips til korleis ein kan gå fram for å finne svar på spørsmåla.

I eit pilotprosjekt ved UiB i 2021/22 gjennomførte dei deltakande studieprogramma spørjeundersøkingar blant studentane, og under kan du sjå ei oppsummering av svara som kom inn. I fana under dette viser vi ei oversikt over typiske problemstillingar og hovudutfordringar som vart avdekka.

Døme på tilbakemeldingar i spørjeundersøkingar

Nokre av pilotprogramma utførte spørjeundersøkingar for å gå meir inn i kvifor studentane ikkje reiser ut i så stor grad, og noko av responsen vert presentert i det følgande.

  • Ein opplever å ha fått lite informasjon om utveksling. 
  • Usikker på om fagmiljøet meiner at utveksling er ein fordel, og studentar er sjølve redde for at ein går glipp av læring, og ein ønsker stadfesting frå førelesarar på at utveksling kan vere eit positivt element i utdanninga. 
  • Utvekslinga er lagt til «feil tid» i studiet
  • Kulltilhøyrigheit/redd for å miste kontakt med studievener
  • Utveksling verkar ikkje naudsynt – ein oppnår kompetanse utan å reise ut. 
  • Logistikken kring det å reise på utveksling er for tungvint
  • Det er dyrt å reise på utveksling
  • Vil heller tilbringe studietida i Bergen

Vidare spurte ein om kva som skal til for at ein reiser på utveksling:

  • Vissheit om at det går an reint økonomisk
  • At det er moglegheiter for å ta spanande og relevante emne
  • Informasjon om arbeidsrelevans og utveksling
  • Få høyre gode studenterfaringar frå utveksling
  • Grundig informasjon om heile prosessen
  • Gode råd om kva universitet som er anbefalt og kva språk det vert undervist på
  • Meir informasjon allereie fyrste semester, fordi fristane kjem så brått på
  • Hjelp med språkbarrierer
  • Informasjon på førelesingar i staden for å sende epostarInfo-filmer og bruk av sosiale medier

Døme på problemstillingar som vart avdekka

  • Strukturelle forhold: rigid studieplan og mangel på reelt mobilitetsvindu. Altså at studentar må ta spesialiseringsemne på utveksling, noko som kan vere vanskeleg å gjennomføre. 
  • Manglande kultur for utveksling i fagmiljøet. Blir sett på meir som belastning enn vinst, og ein oppmodar difor ikkje studentar til å reise ut.
  • Informasjon: vanskeleg å gje tydeleg og overbevisande informasjon når den som skal rettleie kanskje manglar kompetanse og kjennskap til utvekslingsfeltet. 
  • Mangel på gode utvekslingsavtalar og avtaler i engelskspråklege land
  • Tilsynelatande mangel på interesse frå studentane
  • Mangel på administrative ressursar
  • Mangel på engelskspråkleg emnetilbod for innreisande studentar. Då er det utfordrande å lage utvekslingsavtalar.