Hjem
Institutt for fremmedspråk

Strategi for Institutt for framandspråk 2024-2030

Strategiplan for IF 2024-2030 vart vedteken av instituttrådet 31. januar 2024.

Hovedinnhold

Institutt for framandspråk (IF) er ein berebjelke for den faglege breidda ved Universitetet i Bergen, med røter attende til opprettinga av UiB i 1946. Det noverande instituttet vart skipa i 2007 og det vert no forska på, undervist og formidla i ni språkfag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk og latinamerikakunnskap og tysk.

IF dekkjer i sitt virke heile kloden med viktige, kulturberande språk for alle kontinenta. Vår tilnærming til desse språka er tverrfagleg og inkluderer språkvitskap, litteraturvitskap, historie, kulturstudium og fagdidaktikk. Kombinasjonen av tradisjonelle språkstudium med lektorutdanning i framandspråk gjer instituttet til eit unikt kraftsentrum for framandspråkkompetanse i nasjonal samanheng.

Forsking, undervising og formidling ved Institutt for framandspråk dekkjer lange historiske linjer frå bokhistorie i mellomalderen til dagsaktuelle spørsmål om klimaendringar, ser på mangfald i språkbruk i skulen og korleis transnasjonal migrasjon manifesterer seg i litteraturen, utforskar matkultur på ulike kontinent, studerer konflikt i sosiale medium. Slik bidrar aktiviteten ved instituttet til at vi – norske styresmakter, verksemder, kulturliv og einskildindivid – skal forstå oss sjølve, den verda vi er ein del av. Språkkompetanse, forsking og formidling innanfor framandspråkdisiplinane hjelper oss å påverke utviklinga i den retninga vi ønskjer, til å ta vare på miljø, klima og eit mangfaldig, demokratisk samfunn.

Visjon
IF skal bidra til ei betre forståing av verda gjennom forsking, undervising og formidling som held høg kvalitet og er i kontinuerleg utvikling.