Forskotsbetaling
Hovedinnhold
Publiseringsstøtte, forskotsbetaling
Ein del av bøkene til forskarane ved IF vert utgjevne ved hjelp av publikasjonsstøtte til forlaget. Dersom ei slik bok ikkje vert gitt ut i det året ho er planlagt, kan dette føra til at støtta som er gitt til utgjevinga, vert trekt inn ved årsskiftet. I slike situasjonar kan instituttet unntaksvis forskotsbetala publikasjonsstøtta til forlaget. Dette må avtalast med administrasjonssjefen, og følgjande vilkår må dessutan vera på plass:
- Arbeidet med publikasjonen, inkl. samarbeidet med forlag/utgjevar, må vera i gang det året instituttet betalar ut støtta.
- Det må vera sett eit forventa utgjevingstidspunkt for publikasjonen i det påfølgjande kalenderåret.
- At arbeidet med publikasjonen er i gang (pkt 1 over) og at det er sett eit utgjevingstidspunkt i neste år (pkt 2 over) må stadfestast i ein avtale eller eit brev frå forlaget/ugjevaren.
05.08.2016