Retningsliner for oppfølging av tilsette med inneklimaproblem
Rutinar for oppfølging av tilsette som får problem med inneklima ved Det humanistiske fakultet. Vedtatt i fakultetsstyret 16.11.2010.
Hovedinnhold
1: Formål
Formålet med rutinane er å vise korleis arbeidsgjevar skal følgje opp tilsette som opplever fysiske helseplager knytt til inne- miljøet på arbeidsplassen.
2: Omfang
Denne rutinen gjeld for alle arbeidsplassar ved HF.
3: Definisjon
Med inneklimaproblem meiner ein her helseplager som irritasjon i slimhinner (øvre luftveier og augo) og hud, unormal trøyttleik ogleller hovudverk. Symptoma skal være knytt til opphald på arbeidsplassen og fråverande eller vesentlig redusert ved opphald andre stadar.
4: Ansvarsfordeling
- Den tilsette har ansvar for å melde frå til næraste leiar om inneklimaproblema han/ho opplever.
- Arbeidsgjevar, v/instituttleiar og fakultetsdirektør, har ansvar for at gjeldande rutinar blir gjennomført. Det praktiske arbeidet kan delegerast, men ansvaret ligg likevel fast.
- HMS-seksjonen kan hjelpe til med kartlegging og vurdering av inneklimaproblem, og foreslå tiltak.
- Eigedomsavdelinga ved driftsleiar skal følgje opp bygningsmessige forhold som kan være relevant i kvart einskilt tilfelle.
5: Førstehjelp og progresjon
Å ta raskt fatt i problemet er svært viktig for ei god og snarleg løysing.
- Når ein tilsett melder om inneklimaproblem, må arbeidsgjevar straks avtale samtale med hanlhenne for å utdjupe og klargjere problemet.
- Den tilsette skal flyttast til anna kontor så sant det er mogleg, for å sjå om problema blir bortelredusert der.
- Den tilsette må bli informert om at han/ho bør bestille time ved Arbeidsmedisinsk poliklinikk for utgreiing. Bedriftslegen og/eller fastlegen kan samstundes kontaktast.
- Om problemet ikkje kan løysast ved eininga, må næraste leiar kontakte HMS-seksjonen for å avtale befaring av arbeidsplassen saman med driftspersonale og den tilsette. Verneombodet skal delta på befaringa. Etter ei samla vurdering vil HMS-seksjonen melde tilbake om resultatet av befaringa og foreslår tiltak.
6: Organisering ved UiB-rolleavklaring
Næraste leiar er personalansvarleg, og vil difor være den som koordinerer saka og sørger for framdrift til den er løyst. Han/ho kan delegere det praktiske arbeidet, men ikkje ansvaret.
Verneombod skal informerast ved inneklimaproblem og delta i problemløysinga slik det går fram av lover og forskrifter for vernetenesta.
HMS - seksjonen er fagavdeling for helse, miljø og sikkerheit, som gir råd om tiltak både til arbeidsgjevar og arbeidstakar og er oppdatert på relevant lovgiving.
Bedriftslegen og Arbeidsmedisinsk poliklinikk er sentrale i utgreiing av tilsette med inneklima-problem.
Eigedomsavdelinga er fagansvarleg for bygningsmassen ved UB, og undersøkjer/gir råd ved bygningsmessige manglar. Kontakt til Eigedomsavdelinga må gå gjennom HMS- avdelinga eller fakultetet, med unntak av Lydia-meldingar til Bygningsdrift.
Fakultetet skal informerast om saka og involverast dersom inneklima-problema ikkje blir løyst lokalt.
Personal- og organisasjonsavdelinga sentralt (POA), blir involvert om
saka ikkje kan løysast innan fakultetet.
Tillitsvalde tek vare på den tilsette sine interesser i tråd med regelverk for fagforeiningsapparatet.
7: Lover og reglar
- Arbeidsmiljølova (sjå særleg § 4.2 - 2b)
- Lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne § 12 - plikt til individuell tilrettelegging
- IA-avtalen
- Rutinar for oppfølging av sjukemelde
- Hovudavtalen