Stipendordning for masterstudentar
Er du ein fersk masterstudent i sosialantropologi med interesse for korleis ny teknologi ufordrar kulturelle førestillingar om liv, død, slektskap og sosialitet? Kan du tenke deg å gjere feltarbeid i USA, Russland eller Europa? Les om vårt feltstipend her.
Hovedinnhold
Haustsemesteret 2021 tilbyr Technoscientific Immortality stipend til tre masterstudentar som vil gjere feltarbeid i USA, Russland eller Europa. Stipendet er på opp til 35 000kr og skal gå til å dekke reise og opphald under feltarbeid.
For å kvalifisere til stipendet bør masterprosjektet handle om korleis ny teknologi, spesielt livsforlengande og/eller digital teknologi, påverkar kulturelle førestillingar rundt liv, død, slektskap og sosialitet i USA, Russland eller Europa. Studenten står i stor grad fritt til å formulere sitt eiget prosjekt innanfor desse rammene, men relevante tema kan til dømes vere:
- Kunstig intelligens og digitale avatarer
- Digitale "gravsteinar"
- Anti-aldring
- Kryonikk
Interesserte studentar kan sende ei kort skildring av prosjektet sitt (ca. ei side) til Annelin Eriksen og Fartein Nilsen. Ta også gjerne kontakt med oss om de skulle trenge meir informasjon om prosjektet og stipendordninga.