Hjem
Klima og energiomstilling
Nyhet

Ny berekraftspilot for satsingsområdet

Berekraftspilotane har vore tilsett sidan januar i år, og er fire studentar frå fleire forskjellige studieretningar ved Universitetet i Bergen. Berekraftspilotane sine hovudoppdrag er å bidra med studentperspektivet inn i berekraftsarbeidet, samt skape engasjement og drivkraft i berekraftssatsinga til UiB.

Bærek 2021
Foto/ill.:
Om i morgen/ UiB

Hovedinnhold

Om pilotane si rolle
Mange lurar på kven me berekraftspilotar er, kva me jobbar med, og kva for ei rolle me har i UiB si berekraftssatsing. Av den grunn har eg skrevet litt om akkurat dette. Denne artikkelen skal gi deg som lesar kjennskap til berekraftspilotordninga og korleis me passar inn i berekraftssatsinga ved UiB.

Ingen av oss har doktorgrad, og ingen av oss driv forsking. Det me kan bidra med er engasjement, stå-på vilje og eit ungt perspektiv inn i universitetet si berekraftssatsing. Mykje av poenget med å ha studentar som berekraftspilotar ligg her; me som er unge no vil møte følgene av blant anna klimaendringar i løpet av eiga levetid. Dermed blir problemstillinga hakket nærare for oss, og omstillinga som me kan gjennomføre no vil kome våre etterkomarar til gode.

I dagens politiske debatt er dei fleste einige i at det er behov for endring, men det herskar mykje usemje om korleis dette skal gjennomførast. For oss pilotar blir dette «above our paygrade», men problemstillinga angår oss også. Vår jobb er ikkje å rette peikefingeren på alt som ikkje er godt nok, men heller å bevisstgjere studentar, tilsette og andre interesserte, slik at dei kan ta kunnskapsbaserte avgjerder i kvardagen. Derfor fokuserer me heller på formidling av fakta om klimaendringar, følger av eige forbruk, og aktuelle tema knytt til dei andre berekraftsmåla, gjennom våre kanalar i sosiale medier. Kvar pilot produserer innhald om tema innafor eige satsingsområde, og me legg vanlegvis ut ei sak på Instagram kvar veke. Dersom du har lyst på litt enkle, men nyttige fakta om berekraftrelaterte tema, er det berre til å følgje oss der.

Kvar pilot har ein mentor innafor sitt satsingsområde, mentoren bidrar som sparringspartner og rådgjevar i arbeidet til den enkelte berekraftspiloten.

Kvifor bli berekraftspilot?
Eg har vore oppteken av berekraft, og spesielt utfordringar knytt til global oppvarming og tap av biodiversitet i lang tid. Av denne grunn blei det naturleg å søkje på praktikantstillinga som Berekraftspilot for Klima- og energiomstilling sist haust.

Om jobben
Eg har vore tilsett sidan januar i år, og tykkjer jobben har vore lærerik, på trass av pandemi-relaterte utfordringar. Me «pilotar» fekk med ein gong ganske frie tøylar, og måtte velje kva me ville få gjennomført sjølve. Eit av tiltaka me har jobba med er å betre formidlingsdelen til berekraftssatsinga. Dei ulike sentra og initiativa formidlar aktiviteten på ein god måte, men det eksisterer ikkje noko overordna «samlepunkt» knytt til kommunikasjon på berekraftsfeltet. Av denne grunn har me pilotar jobba mykje for å opprette ei «samleside» inne på uib.no. Denne sida skal gjere satsinga, pilotane, og berekraftsrelatert kunnskap lettare tilgjengeleg for studentar og tilsette. Planen er å få denne ferdig i løpet av haustsemesteret. Me har tru på at denne nettsida vil bli ein sentral kommunikasjonskanal for oss berekraftspilotar, og me håpar du som les dette vil sjekke ut sida, når den kjem opp!

Utover dette blir arbeidstida vår vanlegvis fordelt over fleire dagar i veka, og er prega av mykje møteverksemd med interne og eksterne aktørar, arbeid med felles prosjekt, samt deltaking på aktuelle arrangement rundt omkring i Vestland fylke. Det må nemnast at ingen dag på jobben er lik. Berre denne veka blei me invitert til eit møte med klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn, kor me la fram kva me studentar opplever som viktige problemstillingar å ta tak i framover. Ein anna dag, for å ta fadderveka som eksempel, stilte me berekraftspilotar med berekraftsquiz på rebusløpa. Dette var for å vise oss fram for dei nye studentane tidleg, og bevisstgjere dei om UiB sitt berekraftsarbeid. Me slengte sjølvsagt også med ein «shoutout» til Byttebua på Nygård skule. Eit tilbod mange av dei nye studentane har nytta seg av.

I tillegg til å arbeide med slike felles prosjekt, jobbar kvar og ein av oss med eigne prosjekt knytt til den enkelte sitt satsingsområde. Eg har brukt tid på å sette meg inn i UiB sine Klimarekneskapar for 2018 og 2019. Tanken bak dette var at me pilotar skulle få ei betre oversikt over UiB sine utslepp av klimagassar. Eg er spesielt oppteken av at ein går inn med kunnskapsbaserte tiltak der det monnar i det store biletet. Etter å ha lest klimarapportane, og hatt dialog med ansvarspersonar ved UiB, har eg fått eit godt inntrykk av universitetets arbeid på dette feltet. Eg vil nytta høvet til å nemne at desse klimarekneskapane ligg fritt tilgjengeleg for dei som er interessert. Dei gir ei god innføring i korleis ein set tal på klimagassutslepp hjå ei verksemd som UiB. Noko som igjen gjer det lettare å fatte avgjerder knytt til utsleppskutt og liknande.

Treng ein noko spesiell utdanning for å jobbe som berekraftspilot?
Sjølv om det ikkje er noko kvalifikasjonskrav til denne jobben har eg fått god nytte av samfunnsøkonomiutdanninga. Det å kunne fokusere på det store biletet, og samstundes ikkje miste grepet om dei grunnleggande byggeklossane er svært nyttig i arbeid knytt til klima og energi. Når det er sagt trur eg ikkje det er noko utdanning som er «feil» når ein vil bli berekraftspilot. Det viktigaste er interesse for fagområdet ein søker seg til, at ein kan jobbe sjølvstendig, samt at ein har kunnskap om dagens sentrale samfunnsspørsmål. Det hjelper sjølvsagt også å vere aktiv i studentverv og liknande, dette visar at ein har engasjement og at ein kan samarbeide med andre mot eit felles mål.