Hjem

Historie, master, 2 år

Historie er faget om menneska si fortid: om samspel og konfliktar i ulike samfunn frå antikken til i dag. I ei globalisert og kompleks verd gir masterprogrammet i historie ein eineståande kompetanse i å forstå og tolke samtida i lys av fortida.
  • Lengde2 År
  • Plassar30
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Faget handlar om kulturell, sosial, politisk og økonomisk utvikling over tid, og om kva sosiale grupper, nasjonalitet, etnisitet, alder og kjønn har å seie for samfunnsutviklinga. På masterprogrammet drøftar vi spørsmål som: 

  • Korleis kan historie bidra til å tolke og vurdere verda vi lever i?   
  • Korleis vert historie skriven i ulike delar av verda?   
  • Kva teoretiske og metodiske grunnproblem finst innanfor historieforskinga?   

Mastergradsstudiet gir deg djupare innsikt i arbeidet med kjelder og dei problema som oppstår innan historieforskinga. Du vil bruke fagets teori, metodar og teknikkar i sjølvstendig løysing av historiske problem. 

Gjennom arbeidet med masteroppgåva får du òg ei innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Du får avansert kunnskap innanfor eit forskingsfelt, og spesialisert innsikt i temaet for masteroppgåva di.   

Studentane våre samlar vanlegvis inn empiri ved å studere trykte kjelder, reise på besøk til arkiv eller besøke museum i arbeidet med masteroppgåva. Du kan søke instituttet om økonomisk støtte til reiser. 

Studiekvardag 

I dei to første semestera har du undervising cirka fem timar per veke, og i dei to siste semestera skriv du masteroppgåva. Programmet gir deg moglegheit til å arbeide med eit tema som du brenn for, i samarbeid med ein rettleiar.  

Gjennom heile studiet kan du følge eit masterseminar der du kan diskutere ulike problemstillingar med andre studentar. Masterseminara samlar alle masterstudentane og rettleiarane i faste seminargrupper innan ulike tema. På desse seminara kan du arbeide aktivt med masterprosjektet ditt og få tilbakemeldingar frå medstudentar og undervisarar.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.   

Kva kan du arbeide som? 

Masterprogrammet kvalifiserer deg for stillingar der historiske kunnskapar, dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling, og innsikt i historiefagets forskingsmetodar, er relevante.   

Utdanninga opnar for karriere innan   

  • skoleverket  
  • museum  
  • offentlege og private arkiv  
  • kulturinstitusjonar  
  • media  
  • offentleg og privat forvaltning  

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Masterprogrammet i historie er eit toårig fulltidsstudium som startar i august.     

Studieløpet kan sjå slik ut:  

1. semester

2. semester

Vel eitt av desse emna: 

3. og 4. semester 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan reise på utveksling til Danmark, Frankrike, Storbritannia eller Tyskland. Det er lagt opp til at du kan reise ut i eitt semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Studiet kan gi grunnlag for vidare ph.d.-utdanning i historie. Dette krev gjennomgåande gode karakterar på studiet og ei grundig prosjektutgreiing.   

Du kan gå vidare til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) som kvalifiserer deg til å undervise som lektor i ungdomsskole og vidaregåande skole. 

UiB tilbyr òg etter- og vidareutdanning, blant anna innan museumsarbeid og om korleis skrive vitskaplege artiklar. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar@ahkr.uib.no  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen