Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
Master i energi passer for deg som er interessert i energiforbruket i verda. Energiforbruket i verda er i rask endring, og gjennom studiet tileignar du deg ettertrakta kompetanse innan energiomstilling.
Ein ferdig utdanna student frå masterprogrammet i energi
På bakgrunn av kva temagruppe du er tatt opp til, fordjupar du deg i utfordringar knytt til energi frå vind, vatn og sol; geotermisk energi (jordvarme); energifysikk og materiale til energisystem; overføring av energi, inkludert elektriske system; og energisystem inkludert energitryggleik, systemoptimalisering og miljøpåverknad.
På masterprogrammet i energi blir du del av eit kull som følger kvarandre gjennom studiet. Vi har eit inkluderande studentmiljø på tvers av kulla, og du vil treffe studentar på liknande studieprogram i dei ulike emna.
Du får og vere ein del av eit internasjonalt fagmiljø gjennom samarbeid med for eksempel Bergen Offshore Wind Centre (BOW), Bergen Energy Lab og Bjerknessenteret for klimaforsking.
Studiekvardagen består av undervisning i store og små grupper, data- og rekneøvingar, laboratoriearbeid og sjølvstudium. Du kan rekne med å bruke rundt 40 timar i veka på̊ studia. Du finn lesesalplassar på̊ læringssenteret til Universitetsbiblioteket på̊ Realfagbygget eller i Allégaten 66. På dei varmaste dagane sit mange studentar i den fine hagen framfor Geofysisk institutt.
Programmet har eit aktivt fagutval som heier Lumen. Lumen har både sosiale og faglege arrangement du kan bli med på.
Kandidatar med mastergrad i energi er etterspurt. Dagens utfordringar skapar aukande behov for spesialistar innan energi og energiomstilling, både i Noreg og i verda.
Utdanninga opnar for ein karriere i både privat og offentleg sektor, for eksempel innan
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Opptakskrava er todelt: Eit generelt opptakskrav for alle temagruppene, deretter spesifikke opptakskrav for kvar gruppe.
Temagruppe 1. Vind- og havenergi
Temagruppe 2. Matematikk, fysikk og informatikk
Temagruppe 3. Kjemi og miljø
Undervisningsspråk: Norsk og engelsk
Studiet består av ein emnedel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.
Emna ENERGI300 og ENERGI360 er obligatoriske emne. Valemne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samråd med rettleiar.
Slik ser studieplanen ut:
1. semester (haust)
Energiressursar og forbruk (emnekode ENERGI300, 10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
2. semester (vår)
Energifysikk og -teknologi (emnekode ENERGI360, 10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
3. semester (haust)
Masteroppgåve (ENERGI399, 30 studiepoeng)
4. semester (vår)
Masteroppgåve (ENERGI399, 30 studiepoeng)
Emna skal vere på 200- eller 300-nivå. Etter avtale med rettleiar kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå.
Undervisninga på masterstudiet blir gitt som ein kombinasjon av forelesingar, øvingar, laboratoriearbeid med journalar, seminar og feltarbeid. Du finn meir informasjon om dei konkrete arbeidskrava på nettsidene til kvart enkelt emne.
Masteroppgåva
Du finn eit forskingsemne og rettleiar når du begynner som masterstudent. Det finst mange spennande masterprosjekt å velje mellom innan kvar temagruppe.
Vi forventar at du jobbar sjølvstendig med masteroppgåva, men du får god støtte frå rettleiaren din. Det er òg forventa at du kan diskutere emnet med medstudentane dine.
Dersom du ønsker eit utanlandsopphald, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar tidleg i masterstudiet.
Studieprogrammet gir formelt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan fagfeltet.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.