Hjem

Pedagogikk deltid (nettbasert), master, 4 år

Pedagogisk kunnskap er svært relevant idag. Mastergraden gir deg brei kunnskap om korleis menneske lærer og kommuniserer, korleis kunnskap vert utvikla, og kva betydning utdanning har for samfunnet. Dette nettbaserte deltidsstudiet gir fleksibiliteten til å kombinera studiar og jobb, men krev 15-20 studietimar i veka for å holde forventa progresjon
  • Lengde4 År
  • Plassar20
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (annankvart år (2020, 2022, 2024))

Hovedinnhold

Poenggrense 2020 2022
  3,67 3,89

Kva lærer du? 

Ønsker du deg høg kompetanse innan blant anna kunnskapsutvikling og læringsprosessar? På studiet kan du fordjupe deg i eit valt område og drive eiga forsking innan pedagogikk. Du vil utforske samanhengen mellom ulike kunnskapsformer, læringssyn, utdanningspolitikk og pedagogisk praksis. Vidare lærer du korleis du vurderer, analyserer og, kritisk refleksjon til pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, forvaltning og organisasjonar. 

På masterstudiet vil du utforske spørsmål som: 

  • Kva er utdanninga si oppgåve i samfunnet? 
  • Korleis kan pedagogisk forsking bidra til betre praksis? 
  • Korleis kan pedagogisk filosofi belyse aktuelle pedagogiske samfunnsutfordringar? 

Etter fullført mastergrad har du moglegheita til å nyttiggjere pedagogisk kunnskap på nye område der pedagogikk er relevant. Du vil kunne formidle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar på ein effektiv måte. Vidare vil du vere i stand til å gjennomføre sjølvstendige forskingsprosjekt under rettleiing, i tråd med gjeldande forskingsetiske normer. Dette vil gi deg ferdigheiter til å arbeide sjølvstendig med praktiske og teoretiske utfordringar. 

Studiekvardag 

Eit særpreg ved dette masterstudiet er at undervisninga er prosessorientert. Vi legg stor vekt på dialogbasert undervisning og inkluderer skriveopplæring som ein integrert del av studiane. Alle undervisnings- og arbeidsformer er designa for å førebu deg på eksamensformene i studiet. Skriving er ein viktig del av læringsprosessen i studiet. 

Studiet inkluderer: 

  • nettbaserte seminar 
  • litteraturstudiar med rettleiing 
  • skriving av faglege tekstar (med fokus på skriveprosessen og tilbakemelding) 
  • sjølvstudium   
  • arbeid med masteroppgåve 

Kva kan du jobbe som? 

Ein mastergrad i pedagogikk gir deg ein allsidig bakgrunn og kompetanse som kvalifiserer til mange ulike stillingar i både privat og offentleg sektor. Med ein master i pedagogikk er du kvalifisert for ei rekke stillingar innanfor kommunen, staten, frivillige organisasjonar eller bedrifter, for eksempel som:  

  • rådgjevar 
  • prosjektleiar 
  • konsulent 

Tidlegare studentar med mastergrad i pedagogikk har for eksempel jobb innanfor:  

  • adminstrasjon ved universitet og høgskolar 
  • studie/karriereutvikling 
  • etter- og vidareutdanning 
  • personal- og opplæringsavdeling 

Meir informasjon under

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Dette er eit fireårig deltidsstudium. Graden er bygt opp av 120 studiepoeng og alle emna er obligatoriske i graden.  

Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet. Namnet på emnet er lista opp først, etterfølgt av emnekoden og antal studiepoeng i parentes. 

1. semester 

  • Pedagogisk filosofi (PED321, 15 studiepoeng)  

2. semester  

  • Kunnskap og kunnskapsprosessar (PED323, 15 studiepoeng)  

3. semester 

  • Forskingsmetode (PED322, 15 studiepoeng)  

4. semester 

  • Fordjuping og prosjektplan (PED324, 15 studiepoeng) 

5. til 8. semester 

  • Masteroppgåve i pedagogikk (PED396, 60 studiepoeng) 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er dessverre ikkje mogleg å reise på utveksling i løpet av dette studieløpet. 

Vidare studiemoglegheiter 

Med ein mastergrad i pedagogikk får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå. Du kan lese meir om Ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet her: Ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet.

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 27 10

E-post: info.psyfa@uib.no

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen

Søk her