Hjem

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), årsstudium

Vil du vere den personen som utgjer ein forskjell for barn og unge? PPU er eit yrkesretta og praksisbasert studium for deg som har fullført ein mastergrad og vil utdanne deg til å bli lærar. Med PPU blir du lektor og kan undervise frå 5. til 13. trinn i skulen.
  • Lengde1 År
  • Plassar91
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

PPU er eit eittårig fulltidsstudium på 60 studiepoeng som består av pedagogikk, fagdidaktikk og praksis i skulen. 

Det viktigaste du lærer er å undervise, å ivareta elevane og å sjå og verdsetje kvar og ein av dei. Med denne utdanninga får du blant anna: 

  • kunnskap om korleis du leier og legg til rette for god fagleg og sosial læring 
  • kunnskap om korleis du planlegg, gjennomfører og reflekterer over undervisning basert på forsking og erfaring 
  • lære om korleis du bygger gode relasjonar til elevar og føresette, og å samarbeide med aktørar som er relevante for skoleverket 
  • kunnskap om korleis vi kan ivareta mangfaldet i skolen og i den enkelte elevgruppa 

Meir informasjon under

Hvilken lærer har inspirert deg?

Producer:
Sølvrev

Studiekvardag 

Du har vanlegvis to seminar og to forelesingar i pedagogikk i veka, utanom praksisperiodane. Seminara er obligatoriske. I fagdidaktikkemna vil arbeids- og undervisningsformene variere etter kva emne du tar. Her vil også omfanget av obligatorisk undervisning variere. 

Du har 30 dagar obligatorisk praksisopplæring ved ein skole begge semestera, vanlegvis både på ungdomstrinnet og i vidaregåande skole. Du får tildelt praksisplass. 

Denne utdanninga er utfordrande og arbeidskrevjande, men samtidig veldig lærerik. Gjennom undervisninga, oppgåvearbeid og praksis blir du godt kjent med medstudentane dine. Du får tett oppfølging av engasjerte fagpersonar, både i undervisninga og i praksisopplæringa. 

Kva kan du jobbe som? 

Med fullført PPU er du kvalifisert til å undervise frå 5. til 13. trinn i skulen. Studiet er særleg retta mot arbeid i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring, inkludert vaksenopplæringa.  

Det er eit stort behov for kvalifiserte lærarar i norsk skole. Yrket gir jobbmoglegheiter over heile landet.  

Utdanninga opnar òg for andre yrkesvegar der kombinasjonen av formidlingskompetanse og pedagogisk kompetanse er attraktiv. 

Meir informasjon under

Opptakskrav og søknadsfrist 

Her finn du utfyllande informasjon om opptakskrav til PPU og korleis du søker opptak til studiet.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

1. semester 

  • Praktisk pedagogikk - pedagogikk 1. semester (PEDA101, 15 studiepoeng) 
  • Fagdidaktikk (15 studiepoeng)  
  • Praksis PPU 1. semester (PPUPRA101) 

2. semester    

  • Praktisk pedagogikk - pedagogikk 2. semester (PEDA102, 15 studiepoeng) 
  • Fagdidaktikk (15 studiepoeng) 
  • Praksis PPU 2. semester (PPUPRA102) 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på denne utdanninga. 

Vidare studiemoglegheiter 

Etter å ha fullført praktisk-pedagogisk utdanning kan du bygge på og få undervisningskompetanse i andre fag. Det finst òg moglegheiter for etter- og vidareutdanning, blant anna innan spesialpedagogikk, skoleleiing og kollegarettleiing. 

Spørsmål om studiet? 

Tlf: +47 55 58 27 10

E-post: info.psyfa@uib.no

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.  

Les heile studieplanen

Søk her