
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Engelsk er antakeleg det mest utbreidde språket nokosinne. Når vi treff nokon med eit anna morsmål kommuniserer vi oftast på engelsk, uansett kva det handlar om: internasjonal politikk og diplomati, handel, forsking, kultur mm. På årsstudiet i engelsk vil du lære om engelsk språk og kultur.
På årsstudiet vil du få ei innføring i engelsk språkvitskap, litteratur og kultur. Du blir kjent med det språklege og kulturelle mangfaldet i den engelskspråklege verda frå mellomalderen til i dag. Du studerer engelsk grammatikk og uttale og får ei innføring i ulike regionale og sosiale variantar av språket.
Gjennom tolking av ulike tekstar får du kunnskap om samanhengen mellom litteratur og samfunnsforhold i USA, Storbritannia og andre engelskspråklege land.
Vi diskuterer spørsmål som:
Dette er eit fulltidsstudium. I løpet av ei typisk veke vil du ha rundt 10 timar undervisning, som forelesingar og seminargrupper. I tillegg vil du lese pensumlitteratur og forberede deg til undervisning. I det andre semesteret kan du dra til Det norske studiesenteret i York og få ein smakebit på korleis det er å studere ved eit engelsk universitet.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden, som ligg midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og student-bar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Med denne utdanninga får du ein dobbelkompetanse: God og presis språkføring , og kunnskap om kulturen og samfunnet i landet/området.
Skolen, staten, næringslivet, kulturlivet, media m.fl. treng folk med denne kompetansen.
Les intervju med tidlegare studentarDu må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk and engelsk
Vi anbefaler at du startar årsstudiet i engelsk i januar, men du får studierett frå hausten og kan studere andre fag ved UiB.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
Lydar og strukturar (15 studiepoeng)
Britisk litteratur og kultur (15 studiepoeng)
2. semester
System og variasjon (15 studiepoeng)
Amerikansk litteratur og kultur (15 studiepoeng)
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling som del av årsstudiet, men du kan bli med på studietur til Det norske studiesenteret i York for ein smakebit på korleis det er å studere ved eit engelsk universitet.
Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelor i engelsk. Årsstudiet i engelsk kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.
Fullført årsstudium saman med ein fullført mastergrad i eit anna skolefag kvalifiserer for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) med engelsk som undervisningsfag.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.