Historie (årsstudium)

Historie er faget om fortida til menneska, og handlar om samfunnsutvikling, samspel og konflikt frå antikken til i dag. Ved å kjenne til og forstå utviklingstrekk i fortida forstår vi også betre verda i dag, og står dermed betre rusta til å gjere gode val for framtida.

Kva lærer du?

Faget gir oversikt over fortida til mennesket og korleis menneskelege samfunn har utvikla seg. Kva har kjønn og klasse, nasjonalitet, etnisitet og alder hatt å seie for denne utviklinga? På årsstudiet vil du få oversikt over og moglegheit til å fordjupe deg i både eldre og nyare historie.  

Studiekvardag

Dette er eit fulltidsstudium. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper (saman med dine medstudentar), kan ei typisk veke ha 6-8 timar med undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. 

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.   

Kva kan du jobbe som?

Med ei utdanning i historie har du mange spennande yrkesmoglegheiter. Du kan for eksempel jobbe som  

  • historielærar  
  • arkivar  
  • journalist eller kommentator innan media  
  • konservator på museum  
  • rådgjevar i offentleg forvaltning  
  • redaktør eller konsulent i eit forlag 
  • medarbeidar i norske og internasjonale organisasjonar 
Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Undervisninga og litteraturen er på norsk, andre skandinaviske språk og engelsk.  

Studiets oppbygging

Vi anbefaler at du startar årsstudiet i historie i januar, men du har studierett frå hausten av. På hausten kan du ta andre fag som vert tilbydd ved UiB. 

Eit årsstudium i historie kan sjå slik ut: 

1. semester  

Oversyn over eldre historie til 1750 (15 studiepoeng)  

Oversyn over nyare historie frå 1750 (15 studiepoeng)  

2. semester  

Vel to av emna: 

Fordjuping i eldre historie (HIS113) (du får velje mellom ulike tema) (15 studiepoeng) 

Fordjuping i nyare historie (HIS114) (du får velje mellom ulike tema) (15 studiepoeng) 

Fordjuping i eldre historie (HIS115) (du får velje mellom ulike tema) (15 studiepoeng) 

Fordjuping i nyare historie (HIS116) (du får velje mellom ulike tema) (15 studiepoeng) 

Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 studiepoeng) 

Oversyn over Midtaustens historie (15 studiepoeng) 

Islam og politikk (15 studiepoeng) 

Fordjuping i Midtaustens historie (15 studiepoeng) 

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudiet i historie.  

Vidare studiemoglegheiter

Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelorprogrammet i historie. Årsstudiet i historie kan då i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.  

Årsstudium historie saman med ein mastergrad i eit anna skolefag gir grunnlag for opptak til historiedidaktikk ved opptak til Praktisk pedagogisk utdanning (PPU). 

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar@ahkr.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Årsstudium i historie

Lenke til video