
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Årsstudium i norsk som andrespråk handlar om det å lære norsk. Korleis er det å lære norsk som eit nytt språk? Korleis er læringsprosessane, og i kva grad verkar sosiale faktorar inn på språklæring og språkbruk? Studiet gir deg eit godt grunnlag for å undervise i norsk språk.
På dette programmet lærer du om typiske trekk ved språket og språkutviklinga til dei som har norsk som andrespråk, også kalla andrespråksinnlærarar.
Du vil blant anna få:
Årsstudium i norsk som andrespråk er eit fulltidsstudium. Det er om lag 16-20 timar undervisning i veka. Det er sjølvstudium som gjeld når det ikkje er forelesing eller seminar. Studentane vel ofte å danne studiegrupper, der dei arbeider og løyser oppgåver saman. Du kan med andre ord organisere studia dine både som gruppearbeid og individuelt arbeid, litt etter korleis du likar å jobbe.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus.
På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Studiet passar for deg som kan tenke deg å undervise barn, unge og vaksne som lærer norsk som andrespråk.
Du kan for eksempel arbeide med:
I skolen og i vaksenopplæringa er det i dag eit stort behov for kompetanse om korleis barn, unge og vaksne lærer norsk som andrespråk, og korleis ein kan legge til rette for at læring skal skje.
Les intervju med tidlegare studentarDu må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk
Programmet omfattar eitt akademisk år (to semester) og startar i januar. Studiet inneheld seks emne og du tar 30 studiepoeng kvart semester.
1. semester
Moderne norsk (15 studiepoeng)
Fonologi og grammatikk i andrespråksperspektiv (5 studiepoeng)
Tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv (10 studiepoeng)
2. semester
Andrespråkslæring og -undervisning (15 studiepoeng)
Fleirspråklegheit i sosiolingvistisk perspektiv (10 studiepoeng)
Testing og vurdering av språkferdigheiter (5 studiepoeng)
Studentane på årsstudium i norsk som andrespråk har ikkje anledning til å reise på utveksling.
Årsstudium i norsk som andrespråk kan utgjere eitt år av bachelorgrad i norsk som andrespråk. Med bachelorgrad kan du søke på masterprogrammet i nordisk. Med ei masteroppgåve innan feltet norsk som andrespråk kan det særleg opne seg moglegheiter for å få arbeid innan forsking og språktesting.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.