Studieplan for ÅRHF-NORAN Norsk som andrespråk, årsstudium, haust 2024
Omfang og studiepoeng
60 studiepoeng
Undervisningsspråk
Norsk og eventuelt dansk og svensk.
Studiestart - semester
Vår
Mål og innhald
Studiet skal gje ei allsidig orientering om dei spørsmåla som reiser seg når personar med andre morsmål skal lære seg norsk språk. Faget er i første rekkje tenkt for studentar som planlegg å undervise i norsk som andrespråk for elevar frå språklege minoritetar. Det høver òg som etterutdanning for lærarar som ønskjer å utvide kunnskapane sine om språk, språklæring og språkundervisning.
Studiet er eittårig. Det er samansett av seks obligatoriske emne:
NOSPAN101 Moderne norsk (15 studiepoeng)
NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 studiepoeng)
NORAN107 Fleirspråklegheit i sosiolingvistisk perspektiv (10 studiepoeng)
NORAN109 Testing og vurdering av språkferdigheiter (5 studiepoeng)
NORAN105 Fonologi og grammatikk i andrespråksperspektiv (5/10 studiepoeng)
NORAN106 Tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv (5/10 studiepoeng)
Læringsutbyte
Ein kandidat med årsstudium i norsk som andrespråk skal kunne
- analysere og tolke norsk språkbruk hos minoritetsspråklege elevar
- ha tileigna seg kunnskap om språklæringsteori og didaktikk
- kunne vurdere pragmatiske, tekstlege, litterære og kulturelle tilhøve i tilknyting til den språkkunnskapen og dugleiken elevane skal tileigne seg
- kunne vurdere praktisk språkleg dugleik hos språkinnlærarar og evaluere ulike vurderingsformer og -praksisar
- kunne nytte dei teoretiske kunnskapane til å ta gode didaktiske avgjerder
- skrive både bokmål og nynorsk korrekt og godt
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Tilrådde forkunnskapar
EXFAC00SK eller tilsvarande.
Obligatoriske emne
Obligatoriske emne: NORAN101, NORAN104, NORAN105, NORAN106, NORAN107, NORAN109
Tilrådde valemne
Ingen
Rekkefølgje for emne i studiet
1. semester (vår): NORAN101, NORAN105, NORAN106
2. semester (haust): NORAN104, NORAN107, NORAN109
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, oppgåveskriving under rettleiing, kollokvium.
Vurderingsformer
Skriftlege og munnlege prøver, mappeoppgåver og rettleidde oppgåver.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Grunnlag for videre studium
Studiet kan nyttast som del av ein bachelorgrad etter reglar som gjeld for kvart program.
Relevans for arbeidsliv
Saman med praktisk-pedagogisk utdanning kvalifiserer studiet for norskundervisning.
Evaluering
Studiet vert evaluert jamleg i samsvar med gjeldande reglar.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Adminstrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt: studierettleiar@lle.uib.no