Religionsvitskap (årsstudium)

Årsstudiet i religionsvitskap er retta mot deg som er nysgjerrig på faget – og også mot deg som allereie har ein grad og som ønsker undervisningskompetanse i religionsfag. Studiet tar for seg dei store religionane i verda, både historisk og i samtida vår.

Kva lærer du?

Milliardar av menneske identifiserer seg med ein religion. Religion er vevd inn i kunst og politikk, arbeidsliv og krigføring, økonomi og lovgiving, etikk og underhaldning. Du studerer sentrale tema frå dei store verdsreligionane og frå historiske religionar i Europa og Midtausten som er viktige for våre kulturforståingar.  

Med eit årsstudium i religionsvitskap får du:   

  • kunnskap om ulike religionar både historisk og i samtida vår 
  • innsikt i sentrale religionsvitskaplege spørsmål, omgrep og teoriar  

Tilnærminga er samanliknande og religiøst nøytral.

Studiekvardag

Årsstudiet i religionsvitskap er eit fulltidstudium. Som fulltidstudent tar du 30 studiepoeng kvart semester. Du kan også velje å ta studiet på deltid. 

I tillegg til sjølvstudium aleine eller saman med medstudentar, kan ei typisk veke innehalde både forelesingar og seminargrupper. Det vil variere litt frå semester til semester kor mange timar undervisning du har. Du vil typisk ha undervisning 6-10 timar i veka.  

Hos oss vil du møte engasjerte forelesarar med ei stor fagleg breidde. Fagmiljøet vårt har nasjonal og internasjonal spisskompetanse i ei rekke forskingsfelt.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden, midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar.

Kva kan du jobbe som?

På dette studiet lærer du om historiske kulturmøte og det fleirkulturelle samfunnet i dag. Du får større forståing for menneske med ulike bakgrunnar og for aktuelle samfunnsspørsmål.   

Du kan jobbe i mange ulike yrke, mellom anna i:   

  • administrasjon i offentleg sektor 
  • internasjonale organisasjonar 
  • innvandringsrelatert arbeid  
  • skolen 
  • kulturfeltet  
  • reiseliv  
  • media  
Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Undervisninga og pensum er på norsk og engelsk

Studiets oppbygging

Studiet inneheld fire emne. Kvart emne er på 15 studiepoeng. Du tar to emne kvart semester.   

1. semester   

    Kristendommen, jødedommen og islam (15 studiepoeng)  

    Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar (15 studiepoeng)  

2. semester   

    Kva er religionsvitskap? (15 studiepoeng)  

    Eit valemne på religionsvitskap (15 studiepoeng)    

Studiet er under revisjon og emnesamansettinga kan endre seg til opptak haust 2024.

Utveksling

Du kan ikkje reise på utveksling som student på årsstudiet i religionsvitskap. 

Vidare studiemoglegheiter

Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelorprogrammet i religionsvitskap. Årsstudiet i religionsvitskap kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet. 

I kombinasjon med mastergrad i eit anna skolefagkan eit årsstudium i religionsvitskap gi grunnlag for opptak til PPU (praktisk-pedagogisk utdanning).

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar@ahkr.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Årsstudium i religionsvitenskap

Lenke til video