Medier og kommunikasjon (årsstudium)

Årsstudiet i medier og kommunikasjon gir deg ei innføring i korleis mediebransjen fungerer.

Kva lærer du?

Her vil du lære om mediepolitikk, medieøkonomi, strategisk kommunikasjon og korleis lage medieundersøkingar. Du vil få innblikk i korleis media bruker bilete, videoar og tekst for å formidle bodskap og historier, og korleis organisasjonar, interessegrupper og politiske parti bruker retoriske strategiar til å overtyde, informere og endre vår åtferd.

Alle samfunnsfelt - enten det er politikk, vitskap, kunst og kulturliv, økonomi eller anna - er i stadig større grad samankopla med mediefeltet.

  • Kva betyr sosiale medium i samfunnet?
  • Korleis fungerer politisk og strategisk kommunikasjon?
  • Korleis kan vi forstå film, tv og dataspel som kulturformer?
  • Kva betyr mediebruk i folk sine liv? Korleis blir vi påverka av media?

Der er eit aukande behov for folk med kompetanse på dette fagfeltet. 

Studiekvardag

Som student på årsstudiet i medier og kommunikasjon vil du høyre til på Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV-fakultetet). Du vil ha tilgang på lesesalplassar på blant anna Ulrike Pihls hus og biblioteket. Mykje av undervisninga vil også gå føre seg på Ulrike Pihls hus eller på SV-bygget (Lauritz Meltzers hus). 

Arbeidsmengda varierer frå emne til emne. Normalt vil du ha ei forelesing og eitt seminar i veka. I tillegg til dette kjem mellom 4-12 timar med workshops, som vi har på fleire av kursa. På alle kursa må du sette av tid til sjølvstudium. Du kan sjølv organisere lese- eller arbeidsgrupper i lag med medstudentar. 

Det er lagt opp til ei aktiv læringsform, slik at du på seminar, workshops og arbeidsgrupper vil produsere medieinnhald som podcast og film, lage medieundersøkingar, halde talar eller presentasjonar. Du må òg gi tilbakemelding på medstudentar sine presentasjonar/oppgåver.

Kva kan du jobbe som?

Årsstudiet i medier og kommunikasjon gir deg grunnleggande kunnskapar som du kan bruke i blant anna medie- og kommunikasjonsfaglege yrke, i mediebedrifter og i kultur- og utdanningsinstitusjonar. 

Våre tidlegare studentar arbeider for eksempel innan skoleverket og med journalistikk, medieproduksjon, administrasjon, utgreiing og rådgjeving.   

Årsstudiet gir deg undervisningskompetanse i medier og kommunikasjonsfaget i skulen. 

Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 54.0
Primær kvote: 45.0

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Studiet går over eitt år (to semester) og startar i august. Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut frå kva for bakgrunn du har.  

Årsstudium med innføringsemne  

Passer for deg som ikkje har studert før. Er det same som første året i bachelorstudiet i medier og kommunikasjon. 

1. semester

MEVIX101 – Introduksjon til media og kommunikasjon: Fagtradisjoner, teoriar og akademisk skriving (10 studiepoeng)

MEVIX102 – Introduksjon til media og kommunikasjon: Metode (10 studiepoeng)

Examen philosophicum – seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)

2. semester

MEVI120 – Kvalitative metodar i medier og kommunikasjon (10 studiepoeng)

MEVI123 – Film: History, Theory, Analysis (10 studiepoeng)

MEVI124 – Retorikk og strategisk kommunikasjon (10 studiepoeng)

 

Årsstudium med spesialiseringsemne   

Passar for deg som har studert før, og vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse. 

1. semester

MEVI101 – Medier: Institusjonar og bransjeforståing (15 studiepoeng) 

MEVI103 – Medieestetikk: Fortolking og analyse (15 studiepoeng)

2. semester

MEVI102 – Mediebruk: Teori og metode(15 studiepoeng)

MEVI104 – Retorikk og strategisk kommunikasjon (15 studiepoeng)

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.

Vidare studiemoglegheiter

Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men lar deg studere eit fagfelt i eitt år, for eksempel for å bygge på tidlegare utdanning. 

Du kan søke om intern overgang til bachelorprogram i medier og kommunikasjon, dersom du vil studere meir.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55 58 98 50
E-post: studieveileder.media@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Årsstudium i medier og kommunikasjon