
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Samfunnsøkonomi handlar om korleis individ, bedrifter, styresmakter og nasjonar tar og bør ta avgjersler om bruk og fordeling av samfunnets ressursar. Faget gir deg ein metode til å forstå og analysere komplekse samfunnsutfordringar.
Du får ei grunnleggande innføring i
Årsstudiet i samfunnsøkonomi er eit studium på fulltid. Det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper har du undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Som samfunnsøkonomistudent høyrer du til Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV). Du finn lesesalplassar i Ulrike Pihls hus og på SV-biblioteket. Mesteparten av undervisninga vil vere i Ulrike Pihls hus og SV-bygget.
Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver, innan forsking og undervisning, som valutahandlarar eller innan formuesforvaltning i finansinstitusjonar.
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk
Årsstudium i samfunnsøkonomi varar i eitt år (to semester) og startar i august. Årsstudiet svarar til det første året av bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi.
Slik er studiet bygd opp:
1. semester
ECON100 – Innføring i samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)
ECON140 – Matematikk for økonomer (10 studiepoeng)
Valemne innan samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)
2. semester
ECON110 – Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori (10 studiepoeng)
ECON130 – Makroøkonomi (10 studiepoeng)
ECON240 – Statistikk og økonometri (10 studiepoeng)
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.
Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men det kan inngå som del av ein bachelor i samfunnsøkonomi. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein master i samfunnsøkonomi.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.