Medisinsk teknologi (sivilingeniør), master, 5 år
- Lengde5 År
- Ordinær61
- Primær57,5
- Plassar32
- OpptakskravSIVING
- Studiepoeng300
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
For at vi skal kunne avdekke risiko for sjukdom, forstadium av sjukdom og sikre persontilpassa behandling, må helsetenester bli utvikla i samspel mellom medisinske og teknologiske fagmiljø. På dette studiet tileignar du deg unike ferdigheiter frå begge verder, noko som rustar deg til å forme framtidas helsevesen.
På masterprogrammet i medisinsk teknologi spør vi:
- Korleis stille presise diagnosar ved kjemisk analyse av kroppsvæsker?
- Korleis utvikle legemiddel ved bruk av ny teknologi?
- Korleis fjerne kreftsvulstar raskt og skånsamt ved hjelp av stråleterapi?
- Korleis få best mogleg bilete for diagnostisk bruk ved hjelp av PET og MRI?
Som ferdig utdanna kan du
- utvikle teknologi og metodar som vert brukt i fagfeltet
- planlegge eksperiment og gjere kvantitative berekningar og analysar av store datamengder relatert til medisinsk diagnose og behandling
- beskrive og bruke teknologi som er viktig innan medisinsk og tilgrensande fagområde
Studieløpet gir deg tverrfagleg kompetanse samtidig som du får moglegheit til å spesialisere deg.
Sjå full liste over læringsutbyttet på dette studiet.
Meir informasjon under
Studiekvardag
Hos oss blir du ein del av ein liten klasse som du går gjennom studia med. Du vil oppleve eit godt studentmiljø og få tett oppfølging.
I løpet av ei typisk veke vil du ha 20-25 timar med forelesingar, seminar og praktiske øvingar. I tillegg gjennomfører du praksisperiode og sjølvstendig arbeid.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieplanen. Undervisninga vil i hovudsak bli gjennomført i Realfagsbygget. Der finn du blant anna læringssenter, bibliotek og lesesalar.
Meir informasjon under
Bli sivilingeniør i medisinsk teknologi
Kva kan du jobbe som?
Sivilingeniør i medisinsk teknologi ved UiB gir deg kompetanse innan fysikk, matematikk, informatikk og medisin. Dette gjer deg kvalifisert til mange jobbar innan medisinsk teknologi, for eksempel medisinsk ingeniør, forskar, IKT-rådgjevar eller konsulent.
Jobbmarknaden for medisinske teknologar er god, og etterspørselen etter kvalifiserte fagfolk er stor. Med denne utdanninga har du gode moglegheiter for å få jobb i både private og offentlege helseverksemder, både i Noreg og i utlandet.
Opptakskrav og søknadsfrist
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og SIVING: Matematikk R1 (eller S1 og S2) + R2 + Fysikk 1.
Du dekker kravet, sjølv om du ikkje har generell studiekompetanse, hvis du har
- bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014 eller
- bestått 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning eller
- bestått 2-årig teknisk fagskole (rammeplan fra 1998/99 eller tidligare ordningar).
Søknadsfristen er 15. april. Søk her
Studiets oppbygging
Dette integrerte masterstudiet er eit studium på fulltid.
Studiet varer i fem år, altså 10 semester. I kvart semester tar du tre emne. På dei tre første semestera har alle studentane på programmet dei same emna, og i fjerde semester kan du velje å fordjupe deg i kjemi eller fysikk.
Det siste året av utdanninga skal du skrive masteroppgåve. Du vil få tett fagleg rettleiing, og det er gode moglegheiter for å gjennomføre masterprosjektet i samarbeid med ei bedrift. Dette er eit større sjølvstendig vitskapleg arbeid som det tar eitt år å gjennomføre.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester (haust):
- Kjemi og energi (KJEM110, 10 studiepoeng)
- Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)
- Innføring i medisinsk teknologi (MTEK100, 10 studiepoeng)
2. semester (vår):
- Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)
- Mekanikk 1 (PHYS111, 10 studiepoeng)
- Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng)
3. semester (haust):
- Innføring i data science (INF161, 10 studiepoeng)
- Elektromagnetisme I (PHYS112, 10 studiepoeng)
- Menneskets fysiologi (FARM280, 10 studiepoeng)
4. semester (vår):
- Brukarkurs i matematikk II (MAT102, 10 studiepoeng) eller Grunnkurs i matematikk II (MAT112, 10 studiepoeng)
- Praksisutplassering i Medisinsk Teknologi (MTEK200, 10 studiepoeng) eller Examen philosophicum (10 studiepoeng)
Vel studieretning (fordjuping)
- Kjemispesialisering: Organisk kjemi (KJEM130, 10 studiepoeng)
- Fysikkspesialisering: Grunnleggande målevitskap og eksperimentalfysikk (PHYS114, 10 studiepoeng)
5. semester (haust):
- Planlegging av eksperiment og analyse av fleirvariable data (KJEM225, 10 studiepoeng) eller Grunnkurs i statistikk (STAT110, 10 studiepoeng)
- Praksisutplassering i Medisinsk Teknologi (MTEK200, 10 studiepoeng) eller Examen philosophicum (10 studiepoeng)
- Kjemispesialisering: Kjemisk syntese og analyse (KJEM124, 10 studiepoeng)
- Fysikkspesialisering: Moderne fysikk II (PHYS119, 10 studiepoeng)
6. semester (vår):
- Innovasjon ved designtenkning (INNOV201, 10 studiepoeng)
- Kjemispesialisering: Analytisk kjemi (KJEM250, 10 studiepoeng) og Radiokjemi og radioaktivitet (KJEM260, 10 studiepoeng)
- Fysikkspesialisering: Fysikk i medisinsk diagnostikk (PHYS212, 10 studiepoeng) og Strålingsfysikk (PHYS231, 10 studiepoeng)
7. semester (haust):
- Innføring i maskinlæring (INF264, 10 studiepoeng)
- Måleteknologi (HTEK201, 10 studiepoeng)
- Kjemispesialisering: Kvalitetssikring av kjemiske analysar (MTEK330, 10 studiepoeng) eller Vidaregåande organisk kjemi (KJEM231, 10 studiepoeng)
- Fysikkspesialisering: Medisinsk fysikk i stråleterapi (PHYS213, 10 studiepoeng)
8. semester (vår):
- Masteroppgåve (MTEK399)
- Valemne (20 studiepoeng)
9. semester (haust):
- Masteroppgåve (MTEK399)
- Kjemispesialisering: Flow kjemi og teknologi (MTEK320, 10 studiepoeng)
- Fysikkspesialisering: Laboratoriekurs i måleteknologi og instrumentering (HTEK202, 10 studiepoeng)
10. semester (vår):
-
Masteroppgåve (MTEK399)
Utveksling
Du kan reise på utveksling i sjette, sjuande eller åttande semester og studere ved ei rekke utdanningsinstitusjonar som Fakultet for naturvitenskap og teknologi har utvekslingsavtalar med.
Korleis søke om å reise på utveksling?
Vidare studiemoglegheiter
Studiet gir eit godt fundament for vidare doktorgradsstudium i fagfeltet.
Studieplan
https://www.uib.no/studier/5MAMN-MTEK/plan