Digital kultur, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar55
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Dei fleste teknologiutdanningar gjer deg til ein utviklar. Med utdanning i digital kultur blir du i staden ein som forstår kva teknologien betyr. Du lærer å reflektere over og formidle teknologi, både til utviklarar og andre utan særskild teknologikompetanse.
Du vil òg kunne nok om kulturelle, estetiske og etiske aspekt ved teknologien til at du kan vurdere korleis teknologiar bør brukast, og til at du kan delta i idéutvikling av nye digitale verktøy og plattformar. Alle vil lage nye ting, men kva er den rette tingen å lage? Kor skal vi bruke teknologi, og kor skal vi ikkje bruke den?
Studiekvardag
Bachelorprogrammet i digital kultur er eit fulltidsstudium. Ei typisk veke på dette studiet har 12-14 timar med forelesingar, seminar, laboratorium og praktiske øvingar, i tillegg til sjølvstudium. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. På studiet får du arbeide kreativt, teoretisk og praktisk. Eksamen kan vere å lage ei nettside, eit kreativt, digitalt litterært prosjekt eller gjere forskingsarbeid.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Meir om studiekvardagen ved HF
Kva kan du jobbe som?
Etter kvart som teknologi blir ein større del av liva våre, treng vi kompetanse på korleis teknologi påverkar oss og korleis vi kan bruke den på ein måte som er trygg, rettferdig og demokratisk.
I kultursektoren treng ein folk som veit korleis nye forteljarformer og digital estetikk kan nyttast til å lage nye kulturelle opplevingar, nye kulturarenaer og nye formidlingsformer.
I offentleg sektor og i det private næringslivet treng ein fleire som kan vurdere kva det vil bety for organisasjonen eller brukarane å ta i bruk ein bestemt teknologi. Du kan blant anna jobbe med digitalisering, rådgjeving eller brukartesting.
Opptakskrav og søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
1. semester
- Introduksjon kunst, teater og digital kultur (10 studiepoeng)
- Examen philosophicum, anten skuleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)
- Akademisk skriving eller Språkkunnskap (10 studiepoeng)
2. semester
- Digitale sjangrar: digital kunst, elektronisk litteratur og dataspel (15 studiepoeng)
- Datateknologi: Historie, teori og praksis (15 studiepoeng)
3. semester
- Webdesign I (15 studiepoeng)
- Kultur og normer i informasjonssamfunnet: identitet, kjønn og samhandling (15 studiepoeng)
4.-5. semester
- Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (60 studiepoeng)
6. semester
- Spesialiseringsemne i digital kultur med bacheloroppgåve (30 studiepoeng)
Utveksling
Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.
Vi anbefaler og legg til rette for at du skal kunne reise på utveksling i eitt eller to semester. Du kan velje blant mange ulike fag frå høgt anerkjende utdanningsinstitusjonar i for eksempel Hong Kong eller Australia.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Etter ferdig bachelorgrad kan du søke på masterprogrammet i digital kultur. Dei som har tatt ein mastergrad får gjerne jobb med digitalisering i det offentlege, i kultursektoren og i det private. Nokre startar òg eigen bedrift.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.